Moro med ord og uttrykk!

Skjuttutrast

Gråtrost

Kjent fugl som er tilbake for fullt dette også. Når trosten kjem, skal det bli verforandring, har ein antatt i folkemeteorologien. Denne her har mange namn om han kanskje ikkje alltid er så kjær.. Somme stader kallar dei han rett og slett trost eller trast, vel fordi han er den mest vanlege av dette slaget. I nokre austlege bygder har han namnet stortrost (Grue, Trysil).

Han kjem ned frå fjellet om hausten, og av dette kjem namnet fjelltrost (Austfold, Vestfold, Dalane, somme stader i Romsdal). Nøtterøy har kortversjonen fjellar («fjellær»). Flokketrost (Østfold) viser til at han gjerne opptrer i flokkar.

I sørvestlege område seier dei stare om trostar, og derfor finn vi namn som gråstare (Lista, Dalane), flokkestare (Lista) og skitstare (Sandnes, Bjerkreim) på gråtrosten.

Og dermed er vi over på ei side ved gråtrasten som har gitt støyten til ei rekkje litt mindre pene namn. Skittrast eller skitetrast (skjuttustrast, skjettåtrast, skitartrast m m) finst mange stader på Vestlandet, i Trøndelag og Nordland. Grunnen er openberr for alle som har vorte bombardert av gråtrosten; han forsvarar egg og ungar ved å skite på dei som nærmar seg. På Innherred skal gråtrosten også rett og slett ha vore kalla skjuttu. I Gravvik i Nord-Trøndelag er røffhøltrast brukt både som namn på gråtrosten og som skjellsord (akkurat som skjuttutrast elles i Trøndelag).

Dette nemningsmotivet har vi også i dretutrøst (Hol i Hallingadal) og ræpetrost (Telemark, Numedal, Vestfold, nedre Hallingdal). Ræpe er tynn, blaut avføring, og det passar jo bra på «våpenet» til gråtrosten.

Den karakteristiske skrattelyden har sett spor i seg i enkelte namn, som skratte og skrallar, begge frå Jæren.

Så har gråtrosten somme namn der det går inn ord for andre fuglar, som skogskjor (Sandnes; dette er også brukt om mange andre fugleslag), skjeretrost (Lista; skjere = skjor) og teretrost (Agder; tere = tiur)

Til slutt friskar vi opp ein gammal, liten artigstubb: Det er viktig å breie garn over folkevogna om hausten, så ikkje trosten skal komma og ta ho!

Takk til Kristian Voldheim for nok eit flott fuglebilde!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: