Moro med ord og uttrykk!

Kattlabba

20

Eitt av dei mest populære vårteikna, så absolutt. Det handlar sjølsagt om raklane på selje. Og her er det verkeleg sant at kjært barn har mange namn. Mest kjent er nok likevel gåsungar. Seljeraklane er lubne og gulvorne og kan nok med litt god vilje minne om gåskjuklingar.

Men hist og her har dei hatt anna avkom i tankane, og av dei mest ulike slag: andungar (Ørsta), dunungar (Steigen), geitungar (Askim), grisungar (Kyrkjebø i Sogn) og musungar (Lesja).

I Trøndelag er nok kattlabbar med mest utbreidde namnet. Dette går også så vidt inn på Nordmøre, og finst dessutan i Telemark, Agder og i Tysfjord i Nordland. Ein del folk vil nok ha det til at kattlabbar er på eit tidleg stadium, før raklane blir gule. Etter det blir det gåsungar.

Svært mange nemningar på gåsungane har med katten å gjera. Gansk utbreidd er rett og slett pusar/puser, også pusekattar, kattepusar og kattungar. Puselabbar er registrert frå Vestfold og frå Gaular, og seljepusar frå Nissedal i Telemark og Herøy på Sunnmøre. Dette var også ordet til diktaren Olav H. Hauge. Avgrensa til Telemark er pusilar, mens seljekattar er notert frå Masfjorden i Hordaland, Tresfjord i Romsdal og Haltdalen i Sør-Trøndelag. Påskekattar (Volda) syner til tidleg blomstring. Katteklør er visst ikkje brukt utafor Agder.

Palmar er eit vidt utbreidd namn som også kan gjelde andre raklar enn dei på selje. Palmekattar kan gåsungane bli kalla på spreidde stader på Vestlandet.

Sellisaui (seljesauer) er lokalt for Inner-Namdalen. Usamansett sauer dukkar opp spreidd både austa- og vestafjells, med ein slengar heilt oppe i Grane på Helgeland. Også hunden er tatt i bruk, med sellihoinna i Snåsa og berre hoinna (hundar) i Sørli. Ei heilt lokal nemning frå Hitra er sellikonga.

Å fryse på seg kattungar er eit kjent uttrykk. Men i Buvika i Sør-Trøndelag kan dei faktisk også fryse på seg gåsungar!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: