Moro med ord og uttrykk!

Kvitsymre

28
Etter at hestehoven har rådd grunnen ei stund, rykkjer kvitveisen no fram på brei front. Dei fleste seier gjerne kvitveis eller hvitveis i dag, men denne standardnemninga har nok tidlegare hatt ei meir avgrensa utbreiing. Austlandet og Agderfylka ser ut til å ha vore eit kjerneområde.

Namna på kvitveisen fell i tre store grupper når det gjeld sisteleddet: -veis o l, symre o l, og soleie. Forutan kvitveis finst det nokre andre variantar: Kvitvise i eit sørvestleg område (Vest-Agder, Rogaland, Sunnhordland), kvitvis (somme stader på Austlandet, Agder, Ryfylke og Hordaland), hvitvissel eller -vissil (meir lokalt i Østfold og Akershus) og omdanning til kvitfis/hvitfis (ganske mange stader i Austlandsområdet). Veis, vis(e) etc heng saman med eit gammalt ord vise, som betyr topp, spiss, dusk, byrjing til frukt, spire m m, og som fanst i norrønt.

Symre (ofte uttala sømmer e l) heng saman med sommar – det er blomsteren som innevarslar sommaren. Kvitsymre står sterkt i tradisjonelle målføre i Møre og Romsdal (særleg på Nordmøre) og i Trøndelag. Gråsymre er eit anna namn, og stundom er det sagt berre symre. Blåsymre er vanlegvis namn på blåveisen, men der denne ikkje finst eller er sjeldan, kan namnet også bli brukt på kvitveisen.

Soleie kan bli brukt usamansett om kvitsymra (Nordhordland), og kvitsoleie hører også Vestlandet til. Dette namnet er særleg utbreidd på Sunnmøre.

Når kvitsymra kom, var det merke på at visse krøtterslag, særleg sau, kunne sleppast ut i marka på beite. «Det e no saumat, sjer æ, sømra e komme, heittedet i Hemne. Derfor har kvitveisen namn som sauesymre (spreidd ganske vidt på Vestlandet), sauesimpe (Eikefjord, Kinn, Bremanger – simpe er nok
variant av symre) og sauesoleie (Førde). På Vestlandet har også geitsoleie vore brukt, av same grunn.

I Singsås er registrert kvitsåmmårgull og faktisk også «mettsåmmårgull», noko som viser at -gull ikkje berre er reservert for plantar med gule blomster. Eit gammalt namn i Romsdal er kvitkolle.

La oss til slutt minne om dette ordtaket i for frå Sparbu: «Ei sømmer gjer ingen såmmår».

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: