Moro med ord og uttrykk!

Kvithegg

11b

Når eg veit at våren eksploderer i Sunndalen, hender det at eg kjenner på litt heimlengt. Dette er finaste tida, ikkje minst når heggen blomstrar. Det er alltid spenning med om dette vil skje tidsnok til 17. mai og såleis sette ein ekstra spiss på dagen. Og så godt som det luktar av heggeblomsteren!

Det er også ei eiga nemning for dette i Sunndalen: Vi kallar det kvithegg, og det er visstnok temmeleg lokalt. Eg gremmar meg enno over at dette ordet glatt ut av sunndalsordboka som eg gav ut i 2007. Vi får markere det her i staden.

Forskjellige varsel har vore teke for heggeblomstringa, bl a dette: Når hegg- og rognblomster blir stygge av regnet, blir høyet stygt (Sandvollan). Eller dette: Blir heggen (raud)blakk når han blomstrar, blir det rote fôr (Snåsa). Om heggen ikkje blomstrar i mai, blir det dårleg år, har dei tenkt. Kjem blomstring av rogn tett innpå heggen, blir det tidleg år, da skal det ikkje bli mellomrom mellom slått- og skurdonn.

Heggen er eit seigt og sterkt treslag som har vore brukt til reiskap. Ikkje minst rivetindar, og tindhegg er da også eit ganske utbreidd namn på heggen. Hegg var favorittemne til den slags. Den vart oppkløyvt og tørka over vinteren. Ein gammal, anerkjent rivemakar i Oppdal sa at heggen som vart hoggen til tindhegg om hausten, skulle tørkast med borken på. Å smi (spikke) rivetindar var kårkallarbeid. Karane kunne ha med rivetindar ut på slåtteteigen, for det hendte det måtte reparerast.

Dei oppkløyvde pinnane er stundom kalla tindved, også tindtre (Hemne) og tindvuddu (Oppdal).

Ein gong rundt 1860 må det ha vore ekstremt tidleg vår i Sunndalen. Det er fortalt at det da vart funne kvithegg den 25. mars, og ikring dei tidene kunne dei også sleppe ungnauta sine på beite på Gjørasgardane.

Til slutt ei anna hegg-nemning som ser ut til å vera lokal for Sunndalen: trinthegg eller heggjetrint, om hegg som veks lågt.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: