Moro med ord og uttrykk!

Stikkrenne

Stikkrenne med is

Ein situasjon vi har hatt mykje av denne våren – stikkrenne med is. Her begynner det riktignok å røyne på for isen, så vatnet har fått ganske fri passasje.

Stikkrenne, ja. Det heiter vel rett og slett stikkrenne, og er kanskje såpass nytt at det ikkje har danna seg nokon nemningsgeografi for dette? Å nei, det norske dialektmangfaldet fornektar seg ikkje. Og det har nok i lang tid vore behov for å leie vatnet under vegar.

Somme ord som gjeld grøfter og renner i vidare forstand kan også bli brukt spesielt om stikkrenner. Det ser vi f eks ved holveit og holdike. Ei leke (Sandsvær) eller lekke (Andebu) er også eit ord som kan brukast meir allment om avløp for vatn.

Trom eller tromme blir brukt somme stader om stikkrenne (Sør-Odal, Land, Skogn – her har ein også kjellartromme om vassavløp frå kjellar). Trombru har vi registrert frå Skogn, og dessutan frå Gjemnes på Nordmøre. Trommelt (Åsen, Høylandet) er truleg ein variant, og det er vel også sannsynleg at prom (Toten) er omlaga av trom.

Ei løykj’ er eit nordtrønderord for grøft under veg, frå husgrunn o l, og tverrløykj’ (Beitstad) betyr stikkrenne. Eit anna nordtrøndersk ord for stikkrenne er tverrskol (-skorde), frå Verran, Inderøy og Røra. Lokalt for Budalen er senk, og her er senkhylla steinhylla som ligg over senken.

Rennestein forbind vi helst med ei open, steinsett renne i gate. Men i Rørosdistriktet har rennsten også vore sagt om stikkrenne.

Vannpost eller vasspost kjenner vi best som ei nemning frå eldre tid om ei handdriven vasspumpe. Men det har også vore sagt om stikkrenne, både i Møre og Romsdal og Trøndelag. Frå Tingvoll har vi vannposthol om utviding av grøfta ovafor stikkrenna.

Eg skal ikkje nemne namn her, men eg kjenner til at folk har krope gjennnom stikkrenner på veg heim frå fest, i findressen og all ting!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: