Moro med ord og uttrykk!

Ormegras

Ormgras

No er tida da bregnane for alvor markerer seg i skogbotnen. Ein kan nesten sjå kor dei veks. På folkemunne finst det mange fellesnemningar for ulike bregneartar, og eit namn som ormegras blir nok brukt om mange fleire slag enn akkurat det som offisielt heiter ormetelg. Det dekkjer nok store bregnar i det heile. Andre ord som femner om fleire artar, er f. eks. blom eller blomme, burkne, grofte, slok og telg (også i uttaleformer som tjag etc). Somme plassar i Trøndelag har ein kombinert blom(me) og ormgras og fått ormblom(me).

Ormegras er eit vanleg namn på bregne over store delar av landet. Det er også brukt om ymse andre planter, som flekkmarihand, soldogg og stankstorkenebb.

Men kvifor orm? Her er det fleire teoriar. Somme har trudd (i alle fall som ungar) at det myldra av orm inni ormegraset, og at ein derfor måtte passe ekstra på. Vi hører også om at røtene har vore kokt og brukt mot bendelorm. Men det mest sannsynlege er kanskje det eg fann i ei gammal botanikkbok, og nettopp det vi ser litt av på bildet, at bladbroddane krullar seg opp på ein måte som kan minne om ein orm.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: