Moro med ord og uttrykk!

Svartkviten

Flugesnappar

Nok ein trekkfugl som forlengst er tilbake. Svart og kvit flugesnappar (bokmål: fluesnapper) er det offisielle namnet på denne, som kjem frå vinteropphaldet i tropisk Afrika først i mai. Men ikkje alle lykkast i å fange han inn på den måten som Kristian Voldheim har klart her! Flugesnapparane er ein eigen familie (Muscicapidae) innafor sporvefuglane, og det finst andre artar, som grå flugesnappar og dvergflugesnappar. Men her har vi å gjera med Muscicapa hypoleuca.

Sjøl om fuglen er kjent og kjær og held seg nær innmed husa, er det ikkje så veldig mange dialektnamn på han. Det har vore gjort nokre forsøk i litteraturen, utan særleg hell. I fuglebøker finn vi namn som hagefluesnapper, myggsnapper og sangfluesnapper. I ei fuglebok på nynorsk finn eg fugleveidar, og Ola Raknes prøvde seg med flugenappar i si Fransk-norsk ordbok. Men ingenting av dette har slått gjennom.

Likevel er det ikkje heilt tomt for dialektord, sjølsagt. Etter farga har vi svartkviten (Trysil, Åmot) og svartkvitten (Oppdal). Farga ligg nok også til grunn for skogskjor (Ørsta, Voldas). Skogskjor kan også vera namn på andre fugleslag, som nøtteskrike og gråtrost. Derimot er det l¨åta som har ført til namnet kvittfugl i Surnadal.

I Trysil finst eit anna namn på flugesnapparen i tillegg til svartkviten, nemleg kabball eller kabballfugl. Kabball gjeld helst hannfuglen, og det må ha hoppa over frå kvinand, der det også er namn på hannfuglen. Kabball er truleg samantrekt av kavand-kall.

Heime i Sunndal hadde mine to naboar på kvar si side av meg ulike namn på svart og kvit flugesnappar. Den eine kalla han salikakk, men den andre svor til tjørukytt. Kanskje var det individuelle ord, men dei var i alle fall brukt.

Finst det andre namn på denne fuglen, så send dei inn!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: