Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “juni, 2013”

Gobbegabbe

15b

Løvetanna har her fått kvit hårprakt. Ho har vorte til ein hårkall, som dei seier somme plassar i Trøndelag. Det er elles veldig mange dialektnamn på denne planta. Men eg voks opp med gobbegabbe, det kunne også bli sagt gobbigabbe. Botanikaren Rolf Nordhagen, som også var svært interessert i dei folkelege plantenamna, registrerte også kabbelabbe og kabbelure frå Sunndalen. Desse litt snodige namna (som kanskje først og fremst gjaldt «kvithårstadiet», i motsetning til gullboste), er knytt til regler som vart sagt fram medan ein prøvde å få løvetannstilken til å krulle seg. I Sunndal f.eks. «gobbegabbelure – gobbegabbelure» og «kappelabbelure – kappelabbelure», også «gobbegabbe vognhjul – gobbegabbe vognhjul». Det kunne vera noko skummelt med løvetannregla, slik at ein ikkje fekk lære heile, det vart kopla til fanden sjølv. I Kristiansund og på Grip var løvetanna kalla styggmannsblomster. Og ein variant på løvetannregla frå Sunndal er «gobbegabbelure – og fa’n klure»!
Per Hoel fortalte ei historie til Rolf Nordhagen frå ein 17. mai-fest i Sunndal tidleg på 1900-talet. Nokre ungdommar, som begynte å bli litt på’n, viste ikkje rette respekten for nokre eldre, ærverdige menn som var der. Ein av desse, som hadde hatt raudt hår og skjegg, men som no hadde begynt å gråne, ville kaste ut desse respektlause unggutane, men da sa ein av dei: – Før har det vore gullboste, men no ha det vorte kabbelabbe tå deg!

Advertisements

Daumannshau

37

Slik tuvemark er karakteristisk i beite. Dette strie graset har det offisielle namnet sølvbunke. Krøtter på beite foretrekker annan mat og går utanom denne, og dermed veks tuvene seg større og større frå år til år. Sølvbunke har fleire dialektnamn, bl a skjergras (fordi blada er så skarpe at ein kan skjera seg på dei). Dagrabb og dogglabb er andre namn på denne grassorten.
Tuene blir da kalla skjergrastuver, eventuelt skjertuver, men også iggel- eller eggeltuv (Nord-Fosen, Namdalen, delvis Innherred, samanheng vidare oppover i Nord-Norge). I Roan er det eggelstol. Dette ordet har kanskje samanheng med igel ‘pinnsvin, jamfør svensk igelkott. I nordmørsmål finst iggel(skog)/eggel(skog) om krattskog, og det ser ut til å ha hatt ei grunnbetydning noko som står stridt opp. I Oppdal kan sølvbunken heite stabbtuvgras, og den dannar da stabbtuvå. Marka blir da naturleg nok stabbtuvåt.
Eit litt meir grotesk namn har dette fenomenet på Hitra: daumannshau.
Det kan vera ein stri jobb å fjerne slike, og la oss ta med eit godt råd frå Alvdal: Når ein er i lag med med jentene, skal ein klappe og stryke dei forsiktig, og ikkje rykkje og slite som når ein riv opp skjergrastuver!

Gammalgras

36

Gammalt,visna gras som står att frå året før er eit karakteristisk fenomen som folk har skapt mange ord for. Det har også hatt ein del å seie reint praktisk, mellom anna som mat til krøttera når det enno var lite ferskt å finne. Mange stader har det vore brukeleg å brenne dette graset om våren.
Det ordet eg har med meg heimafrå for dette, er fynn(e). Dette er det vanlege ordet på Nordmøre og mange stader i Sør-Trøndelag, pluss Stjørdalen og Lierne (her med uttalen finn). Elles har vi det i Østerdalen, og derfrå er det nok også komme til indre Troms. I Østfold er det ofte uttalt fyne. Samansetningar som bortimot gjev seg sjølv, er daudfynn, fjorfynn og gammalfynn.
Språkleg i slekt med fynn(e) er forne, i mange ulike former, som fonne, fodne og funne. Dette er namn på gammalgraset fleire stader både austa- og vestafjells. Dette er beint fram avleidd til forn ‘gammal’, som vi kjenner frå eit ord som fornminne. Fynn(e) hører til same ordrota, og kjem vel av eit fyrn-/firn-.
I så og seie heile Nord-Trøndelag frårekna Stjørdalen har dei eit ord finsk. Det går også så vidt inn i Sør-Trøndelag (Rissa) og Nordland (Bindal). Dette er nok eit «firnske», til stammen firn-. Så når ein sørtrønder brenner fynn om våren, vil ein nordtrønder elde finsk.
Daudgras er eit naturleg ord for dette, brukt fleire plassar. Men daude og dauding ser ut til å vera lokalt for Gudbrandsdalen. Daudrysk(j)e er avgrensa til Austlandet (Toten, Land, nedre Valdres, Lom). Eit reint vestlandsord er daudelje, der siste delen heng saman med ala, slik at samansetninga frå først av må ha tydd ‘vissen avgrøde’.
Dette var berre nokre smakebitar frå mangfaldet av ord for visna fjorårsgras.

Kuskitruse

Kuruke

Dette kan da vel umuleg vera noko å skrive om? Jauda, det har vore gjort. Den sveitsiske språkforskaren Oskar Bandle spanderer 12 sider og eit flott kart på fenomenet i doktoravhandlinga si om vestnordisk husdyrterminologi frå 1967.
Og det er absolutt ikkje uinteressant, frå eit ordgeografisk synspunkt. Her er det stor ordrikdom, og presset frå standardspråket er ikkje spesielt stort. Riktognok er kanskje kukake på veg mot eit slags «standardstatus», og da truleg gjennom påverknad frå bokmål. Mange av orda har elles meir allmenne tydingar ‘klump, klesse, dunge’ o l, og kan også brukast om slikt som andre dyr enn kua etterlet seg, særleg hesten. Men da sjølsagt utan ku- i førsteleddet.
Bandle finn ein hovudmotsetnad i ordbruken på dette området mellom eit austnorsk ruke og eit vest- og nordnorsk ru(g)e/ruve. Kuruke og møkkruke er først og fremst brukt i Austlandsområdet, men har også ganske mange enkeltbelegg utanom. Så har vi rue på Vestlandet frå Hordaland til og med Romsdalen. Deretter blir det ruve (kuruv’, kuskitruv’) på Nordmøre og litt inn i Sør-Trøndelag (Oppdal, Rennebu, Meldal), i samanheng med Nord- og Midt-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen. Så kjem rue, rua etc. tilbake i store delar av Nord-Norge.
Typisk for Trøndelag er rus’ (kuskitrus’, skitrus’, også f eks hestskitrus’). Dette går inn i tilgrensande bygder i Nord-Østerdalen og på Sør-Helgeland. Ruse heng etymologisk i hop med røys. Dette må også vera gammalt, men bandle reknar med at det har komme frå Nord-Sverige og sprengt seg inn i eit stort, samanhengande område med ru(g)e/ruve.
Og det er eit utal med andre ord for dette. F. eks. ræpe, mest kjent i Hallingdal og Telemark, men også dels i Dalane og på Jæren. Dette finn vi også både i svensk og islandsk. I eit sørleg og vestleg område (Agderfylka, sørlege Vestlandet) finn vi lure, som i kulure og lortelure. Krekse (kukrekse) er belagt berre frå Dalane, medan tauke er eit gammalt ord frå Østfold om dette.
Vi får nok stoppe der. Berre nemne at det også kan nyanserast mellom blaut klesse med kumøkk og ei som er gammal, tørr og stivna. For det siste finst det ord som nauteskå, skånruve og skjæne.
Likevel kan vi ikkje forlate dette temaet utan å ta med ei av favoritthistoriene til Marvin Wiseth. Han fortalte om Sparebank 1 Midt-Norge som kjørte ein kampanje med slagordet ”trøndernes nærmeste bank”. I ein annonse var det bilde av ei ku. Der stod det at ”du blir ikke trøndernes nærmeste bank før du har trampet i ei kuskitruse”. Adm. dir. Finn Haugan viste dette fram på eit presentasjonsmøte i Oslo. På første benk satt ein austlending med Armanidress og Rolex-ur. Etter å ha studert bildet lenge, sa han: ”-Unnskyld Haugan, men hva betyr kuski-truse?”

Det spirer og gror

27

Ja, slik ser det ut når det spirer i åkeren. Tradisjonelt er det forresten ikkje så mykje snakk om kornspirar i Trøndelag, men brodd («braudd») eller brydd. Pluss tilhørande verb å brodde elleer brydde. Fordelinga er grovt sett slik at det heiterer brydd i Hemnebygdene og dei indre dalføra i Sør-Trøndelag, og brodd eller braudd elles. Det siste dominerer heilt i Nord-Trøndelag. Festglade trønderar kan finne på å ta seg ein broddfest når spiringa er godt i gang.

Når brodden/spiren har vorte så lang at jorda er dekt, heiter det at åkeren er moldvar, moldvaren eller moldvalen. Dette er brukt fleire stader både i Trøndelag og på Nordmøre. På store delar av Innherred har det vore sagt at åkeren er moldhållå (variant moldhåvvå på Frosta og i Frol).

Vi skal minne om eit anna begrep i denne samanhengen, nemleg kornmakta (konnmakta). Dette er opplagsnæringa eller grokrafta i såkornet. Åkeren/brodden slepper eller misser konnmakta når opplagsnæringa er brukt opp og næringa må takast frå jord og gjødsel. Dette skjer kort tid etter at åkeren har vorte moldvar. På dette stadiet har brodden ein svak overegangsperiode og kan ha lett for å bleikne eller gulne og få varige skadar. Det kan vera kritisk om det kjem kaldvêr akkurat da. Uttrykket er kjent i Trøndelag og på Nordmøre; andre stader har ein sikkert andre ord for det.

Post Navigation