Moro med ord og uttrykk!

Det spirer og gror

27

Ja, slik ser det ut når det spirer i åkeren. Tradisjonelt er det forresten ikkje så mykje snakk om kornspirar i Trøndelag, men brodd («braudd») eller brydd. Pluss tilhørande verb å brodde elleer brydde. Fordelinga er grovt sett slik at det heiterer brydd i Hemnebygdene og dei indre dalføra i Sør-Trøndelag, og brodd eller braudd elles. Det siste dominerer heilt i Nord-Trøndelag. Festglade trønderar kan finne på å ta seg ein broddfest når spiringa er godt i gang.

Når brodden/spiren har vorte så lang at jorda er dekt, heiter det at åkeren er moldvar, moldvaren eller moldvalen. Dette er brukt fleire stader både i Trøndelag og på Nordmøre. På store delar av Innherred har det vore sagt at åkeren er moldhållå (variant moldhåvvå på Frosta og i Frol).

Vi skal minne om eit anna begrep i denne samanhengen, nemleg kornmakta (konnmakta). Dette er opplagsnæringa eller grokrafta i såkornet. Åkeren/brodden slepper eller misser konnmakta når opplagsnæringa er brukt opp og næringa må takast frå jord og gjødsel. Dette skjer kort tid etter at åkeren har vorte moldvar. På dette stadiet har brodden ein svak overegangsperiode og kan ha lett for å bleikne eller gulne og få varige skadar. Det kan vera kritisk om det kjem kaldvêr akkurat da. Uttrykket er kjent i Trøndelag og på Nordmøre; andre stader har ein sikkert andre ord for det.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Det spirer og gror

  1. Rune Stavaas on said:

    Her er ordet bruka:
    —-
    No er det i Noreg atter dag
    med vårsol og song i skogen.
    Om sædet enn gror på ymist lag,
    det brydder då etter plogen.
    Så signe då Gud det gode såd
    til groren ein gong er mogen.

    (Elias Blix i Gud signe vårt dyre fedreland.)

  2. tojk on said:

    Akkurat! Takk for fin kommentar!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: