Moro med ord og uttrykk!

Gammalgras

36

Gammalt,visna gras som står att frå året før er eit karakteristisk fenomen som folk har skapt mange ord for. Det har også hatt ein del å seie reint praktisk, mellom anna som mat til krøttera når det enno var lite ferskt å finne. Mange stader har det vore brukeleg å brenne dette graset om våren.
Det ordet eg har med meg heimafrå for dette, er fynn(e). Dette er det vanlege ordet på Nordmøre og mange stader i Sør-Trøndelag, pluss Stjørdalen og Lierne (her med uttalen finn). Elles har vi det i Østerdalen, og derfrå er det nok også komme til indre Troms. I Østfold er det ofte uttalt fyne. Samansetningar som bortimot gjev seg sjølv, er daudfynn, fjorfynn og gammalfynn.
Språkleg i slekt med fynn(e) er forne, i mange ulike former, som fonne, fodne og funne. Dette er namn på gammalgraset fleire stader både austa- og vestafjells. Dette er beint fram avleidd til forn ‘gammal’, som vi kjenner frå eit ord som fornminne. Fynn(e) hører til same ordrota, og kjem vel av eit fyrn-/firn-.
I så og seie heile Nord-Trøndelag frårekna Stjørdalen har dei eit ord finsk. Det går også så vidt inn i Sør-Trøndelag (Rissa) og Nordland (Bindal). Dette er nok eit «firnske», til stammen firn-. Så når ein sørtrønder brenner fynn om våren, vil ein nordtrønder elde finsk.
Daudgras er eit naturleg ord for dette, brukt fleire plassar. Men daude og dauding ser ut til å vera lokalt for Gudbrandsdalen. Daudrysk(j)e er avgrensa til Austlandet (Toten, Land, nedre Valdres, Lom). Eit reint vestlandsord er daudelje, der siste delen heng saman med ala, slik at samansetninga frå først av må ha tydd ‘vissen avgrøde’.
Dette var berre nokre smakebitar frå mangfaldet av ord for visna fjorårsgras.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Gammalgras

  1. tojk on said:

    Lenge leve gammalgraset!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: