Moro med ord og uttrykk!

Daumannshau

37

Slik tuvemark er karakteristisk i beite. Dette strie graset har det offisielle namnet sølvbunke. Krøtter på beite foretrekker annan mat og går utanom denne, og dermed veks tuvene seg større og større frå år til år. Sølvbunke har fleire dialektnamn, bl a skjergras (fordi blada er så skarpe at ein kan skjera seg på dei). Dagrabb og dogglabb er andre namn på denne grassorten.
Tuene blir da kalla skjergrastuver, eventuelt skjertuver, men også iggel- eller eggeltuv (Nord-Fosen, Namdalen, delvis Innherred, samanheng vidare oppover i Nord-Norge). I Roan er det eggelstol. Dette ordet har kanskje samanheng med igel ‘pinnsvin, jamfør svensk igelkott. I nordmørsmål finst iggel(skog)/eggel(skog) om krattskog, og det ser ut til å ha hatt ei grunnbetydning noko som står stridt opp. I Oppdal kan sølvbunken heite stabbtuvgras, og den dannar da stabbtuvå. Marka blir da naturleg nok stabbtuvåt.
Eit litt meir grotesk namn har dette fenomenet på Hitra: daumannshau.
Det kan vera ein stri jobb å fjerne slike, og la oss ta med eit godt råd frå Alvdal: Når ein er i lag med med jentene, skal ein klappe og stryke dei forsiktig, og ikkje rykkje og slite som når ein riv opp skjergrastuver!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: