Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “juli, 2013”

Froskspy, pøddegrøl

28

Denne slimete massen med froskeegg har eit utal dialektnamn, avhengig av kva ein kallar frosken. For min del er eg vant til å kalle dette for froskspy, som er eit vanleg ord i Trøndelag og på Helgeland (dels også som hokjønnsord froskspye). Men på Nordmøre er det visst berre (øvre) Sunndalen som har det. Lenger ned i dalen blir det lappspy, som er det vanlege nordmørsordet, for her heiter frosken helst lappe. Det gjer han forresten i heile Møre og Romsdal. Lappespy(e) er også sagt i Romsdal. I Romsdalen og på Sunnmøre kan det heite lappegople, og ordboksmannen Hans Ross noterte lappesli frå Nordmøre. I Oppdal kan ein seie froskspy også om grønske i stilleståande vatn.
Fotograf Unni brukar her ordet pøddegrøl. Det kjem frå Drangedal, og det heng saman med at ein i visse område har uttalen pødde av padde og også kan seie det om frosk.
Av samansetningar med frosk- kan vi nemne froskesli (Beiarn, uttala frøsksli; også bruka av Olav Duun i «Juvikingar»), froskegor (Bolsøy i Romsdal), froskegop (Gloppen i Nordfjord, uttala frausgop), froskegople (Nordfjord) og froskegot (Ringsaker, Land, Hadeland, dels uttala froskøtt e l).
Grolapp(e) kan brukast både om frosk og padde, og froskeegga kan dermed bli kalla grolappeglye (Vanylven) og grolappegople (Selje i Nordfjord). Vi ser ein konsentrasjon om -gople på Nord-Vestlandet.
Austafjells kallar dei somme stader frosken for lopp, og det gjev ord som loppespy (Buskerud, Vestfold), loppegott (Ringerike), loppefrau eller loppefro (Hallingdal, Tinn) og loppegrål eller loppegrøl (Telemark, jamfør pøddegrøl ovafor). Lokalt oppskrivne i Telemark er dessutan loppekrå (dette også frå Ullensaker), loppekrål og loppekrås.
Og når frosken blir kalla hopp i Snåsa og Inner-Namdalen, blir det også naturleg å kalle egga for hoppspy. I Sørli dessutan hoppegg, og herfrå er også registrert det spesielle ordet kyll, som må gå tilbake på eit gammalnorsk ord for pose. Det er også bruka om geleaktig søl og mislykka mat. Frå Glåmos har vi fått samansetningane froskkake og rumpetrollkake.
Folkeminnesamlaren Joh. Th. Storaker noterte eit varsel knytt til froskspyet. Dersom det låg vest eller nord i ei tjønn, ville året bli dårleg, men godt om ein fann det i sør eller vest. Og det hjelpte ikkje om ein prøvde å flytte på det. Dette merket er frå Helgeland, men liknande teikn har dei også hatt på Hedmarka.
Sjøl minnest eg at vi som ungar prøvde å ha froskspyet over på flaske, kva det no skulle vera godt for. Og eg minnest ein original som var hos oss og kappa ved. Motoren på kappsaga gjekk varm, og så for han med ein tom «feskballboks» og skulle hente seg vatn i vegveita. Men da han skulle sjå til, hadde han fått boksen full av froskspy. – Nei, det vart no vel tungtvatn, ta der! sa han.

Advertisements

Ørsnelle

31a

Denne flotte skapningen er ofte å sjå på denne tida. Folk kjenner den gjerne offisielt som øyenstikker eller augestikkar, men i dag kjem nok namnet libelle meir og meir i bruk.
Det er mange artar av augestikkar, og dei er av dei raskaste insekta som finst. Farten kan komma opp i 25 km/t. Dei er nesten som små helikopter, og kan absolutt verke skumle, sjøl om dei er heilt ufarlege for folk. Men øyenstikker/augnestikkar fortel at ein har trudd dei kunne stikke folk i augene.
Andre har rekna med at dei heller kunne angripe øyrene. Det namnet eg er vakse opp med i Sunndalen, er ørsnell(e), eit ord som elles er utbreidd i Trøndelag. Vi har mange variantformer, som ørsnøll, ørsneldre, ørsnildre, ørsnørr m fl. I Brekken hestørsnildre. Oppover Orkdalen hadde dei ørsnelle som utnamn på ørbyggene, dei frå Orkanger.
I Nord-Trøndelag er ørsnipe eit utbreidd namn, og på Nordmøre ørstøng eller ørstingar. Ein rindaling kalla storspelmannen Hallvard Ørsal for «ørstøng». Kanskje han tykte det stakk i øyrene når han hørte felemusikken.
I indre strøk i Namdalen finst nemningar som myrsnørr og myrsnørrill.
Til slutt kan vi notere oss nokre artige ord for augestikkar/libelle vidare utover landet: Tjennbøssmar (Eidskog), dobbeldekkar (Senja) og endatil helvetesnavar (Jæren, Bjerkreim).

Geitrams

15e

Sommaren går sin gang, og blomsterplantene avløyser kvarandre. No begynner geitramsen å markere seg. Sjå ellers kor fint han står til himmelen på bildet (og enda ser vi himmelen berre på rangsida, som emissæren sa til kona si, dei gjekk kveldstur!)

Denne planten har veldig mange dialektnamn, og her blir det plass til å ta opp berre ganske få.
Geit- i geitrams er truleg fordi geita har vore glad i denne voksteren. Særleg skal ho vera glupsk etter blad og unge skot, opplyser ein informant. Også fleire andre namn har geit- i førsteleddet, som det heilt lokale geitaglåm i Eresfjord og geitføykje i Stranda på Sunnmøre. Om bakgrunnen for -føykje sjå litt lenger ned. Gjetrams kan i Oppdal brukast også om liljekonvall, eit eksempel på at blomsternamna kan gå litt om kvarandre. Røskong er eit anna namn på geitramsen i Oppdal, men det kan til gjengjeld også brukast om reinfann!

Svenskane har dei poetiske namna rallarblod og rallarros. Geitramsen er typisk for jenrbaneskråningar. Litt meir prosaisk er det norske jernbaneblomster (Skien, Porsgrunn, Kråkerøy).

Typisk for geitramsen er at han gror opp der det har brunne. Det i hovudsak austlandske namnet eldmerkje har truleg med det å gjera. Dette kan elles vera omforma til illmilkje, einmerkje m m. Einmjølke i Nord-Trøndelag er venteleg også ein avleggar av dette. Jamfør og tysk Feuerkraut som namn på same arten.

Raudbu (Sør-Trøndelag) går sjølsagt på fargen.

Eit anna karakteristisk trekk ved geitramsen er dei vindspreidde frøa. Når vinden får tak i frøulla, kan det fyke opp reine skyer. Lokalt i somme bygder på Nordmøre (Tingvoll, Straumsnes, Fresvika) heiter geitramsen derfor fykopp. Jamfør geitføykje ovafor. Same trekket ligg bak lublenn (Sunndal, Oppdal) og løåblinn (Surnadal). Her er førsteleddet (høy)løe, og bakgrunnen er nok at frøulla nærmast kunne blinde ein når den var med i høyet ein kasta inn i markaløa. I Oppdal er det også omforma til lubreng.

Skogstorkenebb

15c

Denne markerer seg sterkt akkurat i denne tida. Skogstorkenebben var favorittblomsteren min som gutunge, og eg synest enno den er fin.
Dette er ei plante som ikkje har hatt særleg stor praktisk nytte, men den er likevel så framståande at den har fått mange dialektnamn i tillegg til standardordet, som sjølsagt er ei jamføring med nebben på ein stork.
Sankthansblomster, jonsokblomme o l er bruka mange stader om denne og andre vakre, iaugefallande blomster som viser seg ved midtsommar. I Lierne jensmessblomster, i samanheng med det svenske jensmess for sankthans.
Eit ganske utbreidd namn er også sjuskjære, sjuskjæring o l, også omlaga til sauskjære. Dette er fordi blada har sju flikar, eller innhakk.
Farga har gjeve namn som blåsoleie på Vestlandet og blåblomster i Nord-Norge. I Trysil og Engerdal er storkenebben kalla smålushatt, som vel er i relasjon til den «eigentlege» lushatten, som er tyrihjelm. Litt meir respektlause namn er geitskitblomster og kuskitblomster, begge frå Bjugn.
Jentungane heime i Sunndal sleikte på kronblada på storkenebben og hadde dette som neglelakk-surrogat.

Post Navigation