Moro med ord og uttrykk!

Geitrams

15e

Sommaren går sin gang, og blomsterplantene avløyser kvarandre. No begynner geitramsen å markere seg. Sjå ellers kor fint han står til himmelen på bildet (og enda ser vi himmelen berre på rangsida, som emissæren sa til kona si, dei gjekk kveldstur!)

Denne planten har veldig mange dialektnamn, og her blir det plass til å ta opp berre ganske få.
Geit- i geitrams er truleg fordi geita har vore glad i denne voksteren. Særleg skal ho vera glupsk etter blad og unge skot, opplyser ein informant. Også fleire andre namn har geit- i førsteleddet, som det heilt lokale geitaglåm i Eresfjord og geitføykje i Stranda på Sunnmøre. Om bakgrunnen for -føykje sjå litt lenger ned. Gjetrams kan i Oppdal brukast også om liljekonvall, eit eksempel på at blomsternamna kan gå litt om kvarandre. Røskong er eit anna namn på geitramsen i Oppdal, men det kan til gjengjeld også brukast om reinfann!

Svenskane har dei poetiske namna rallarblod og rallarros. Geitramsen er typisk for jenrbaneskråningar. Litt meir prosaisk er det norske jernbaneblomster (Skien, Porsgrunn, Kråkerøy).

Typisk for geitramsen er at han gror opp der det har brunne. Det i hovudsak austlandske namnet eldmerkje har truleg med det å gjera. Dette kan elles vera omforma til illmilkje, einmerkje m m. Einmjølke i Nord-Trøndelag er venteleg også ein avleggar av dette. Jamfør og tysk Feuerkraut som namn på same arten.

Raudbu (Sør-Trøndelag) går sjølsagt på fargen.

Eit anna karakteristisk trekk ved geitramsen er dei vindspreidde frøa. Når vinden får tak i frøulla, kan det fyke opp reine skyer. Lokalt i somme bygder på Nordmøre (Tingvoll, Straumsnes, Fresvika) heiter geitramsen derfor fykopp. Jamfør geitføykje ovafor. Same trekket ligg bak lublenn (Sunndal, Oppdal) og løåblinn (Surnadal). Her er førsteleddet (høy)løe, og bakgrunnen er nok at frøulla nærmast kunne blinde ein når den var med i høyet ein kasta inn i markaløa. I Oppdal er det også omforma til lubreng.

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Geitrams

  1. Edgar Kattem on said:

    Svigerfar (90 år gammel denne måneden) fortalte at de kalla geitramsen «løåbreng». (Område: Bolme i Rindal).

  2. tojk on said:

    Takk for den, Edgar! «-Breng» i «løåbreng», og «lubreng» i Oppdal kan kanskje vera ei kopling til bring- som i bringebær.

  3. tojk on said:

    Eilert Mo fører opp «løåblind» frå Rindal, i lag med «raudbu» (det siste viser samanheng med dalane i Sør-Trøndelag)

  4. Lubreng der e voks opp, 3 km frå Bolme.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: