Moro med ord og uttrykk!

Ørsnelle

31a

Denne flotte skapningen er ofte å sjå på denne tida. Folk kjenner den gjerne offisielt som øyenstikker eller augestikkar, men i dag kjem nok namnet libelle meir og meir i bruk.
Det er mange artar av augestikkar, og dei er av dei raskaste insekta som finst. Farten kan komma opp i 25 km/t. Dei er nesten som små helikopter, og kan absolutt verke skumle, sjøl om dei er heilt ufarlege for folk. Men øyenstikker/augnestikkar fortel at ein har trudd dei kunne stikke folk i augene.
Andre har rekna med at dei heller kunne angripe øyrene. Det namnet eg er vakse opp med i Sunndalen, er ørsnell(e), eit ord som elles er utbreidd i Trøndelag. Vi har mange variantformer, som ørsnøll, ørsneldre, ørsnildre, ørsnørr m fl. I Brekken hestørsnildre. Oppover Orkdalen hadde dei ørsnelle som utnamn på ørbyggene, dei frå Orkanger.
I Nord-Trøndelag er ørsnipe eit utbreidd namn, og på Nordmøre ørstøng eller ørstingar. Ein rindaling kalla storspelmannen Hallvard Ørsal for «ørstøng». Kanskje han tykte det stakk i øyrene når han hørte felemusikken.
I indre strøk i Namdalen finst nemningar som myrsnørr og myrsnørrill.
Til slutt kan vi notere oss nokre artige ord for augestikkar/libelle vidare utover landet: Tjennbøssmar (Eidskog), dobbeldekkar (Senja) og endatil helvetesnavar (Jæren, Bjerkreim).

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Ørsnelle

  1. Heime (Kvaløya ved Tromsø) kallar vi han for øyrsniel, men i Kvenangsbotn fekk eg opplyst at denne karen blei kalla bismarklumpen – dette er visstnok eit namn som ein kan finne i svenske dialektar. Truleg kan namnet ha blitt att i Kvenangen etter svenskar som arbeidde i gruvedrifta på fjellet mellom Kjækan i Kvenangen og Kåfjorden i Alta på 1800-talet.

  2. tojk on said:

    Takk for interessant kommentar, Aud-Kirsti! «Bismarklumpen» kan jo jamførast med «tjennbøssmar» frå Eidskog.

  3. tojk on said:

    Kollega Arnold Dalen har kartlagt nemningane på denne og fått fram eit interessant mønster (grovt teikna, og bortsett frå mange lokale variantar). Det ser ut til at nemningar på ør(e)- har nordleg utbreiing i Norge, og så er det meir auge-/øye(n)- i sør. Ør- går også inn i Nord-Sverige, slik at dette blir eit nordskandinavisk trekk. I Sør- og Midtsverige er det gjerne namn på troll-, som trollslända. Overnaturlege forestillingar, altså. I Värmland «skarns bismal», der «skarns» vel går på den vonde sjøl. Reiskap og reiskapsdelar går att i namnet på augestikkaren, både bismar, navar og kolv. Snelle i ørsnelle er vel også eigentleg reiskapsdel.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: