Moro med ord og uttrykk!

Froskspy, pøddegrøl

28

Denne slimete massen med froskeegg har eit utal dialektnamn, avhengig av kva ein kallar frosken. For min del er eg vant til å kalle dette for froskspy, som er eit vanleg ord i Trøndelag og på Helgeland (dels også som hokjønnsord froskspye). Men på Nordmøre er det visst berre (øvre) Sunndalen som har det. Lenger ned i dalen blir det lappspy, som er det vanlege nordmørsordet, for her heiter frosken helst lappe. Det gjer han forresten i heile Møre og Romsdal. Lappespy(e) er også sagt i Romsdal. I Romsdalen og på Sunnmøre kan det heite lappegople, og ordboksmannen Hans Ross noterte lappesli frå Nordmøre. I Oppdal kan ein seie froskspy også om grønske i stilleståande vatn.
Fotograf Unni brukar her ordet pøddegrøl. Det kjem frå Drangedal, og det heng saman med at ein i visse område har uttalen pødde av padde og også kan seie det om frosk.
Av samansetningar med frosk- kan vi nemne froskesli (Beiarn, uttala frøsksli; også bruka av Olav Duun i «Juvikingar»), froskegor (Bolsøy i Romsdal), froskegop (Gloppen i Nordfjord, uttala frausgop), froskegople (Nordfjord) og froskegot (Ringsaker, Land, Hadeland, dels uttala froskøtt e l).
Grolapp(e) kan brukast både om frosk og padde, og froskeegga kan dermed bli kalla grolappeglye (Vanylven) og grolappegople (Selje i Nordfjord). Vi ser ein konsentrasjon om -gople på Nord-Vestlandet.
Austafjells kallar dei somme stader frosken for lopp, og det gjev ord som loppespy (Buskerud, Vestfold), loppegott (Ringerike), loppefrau eller loppefro (Hallingdal, Tinn) og loppegrål eller loppegrøl (Telemark, jamfør pøddegrøl ovafor). Lokalt oppskrivne i Telemark er dessutan loppekrå (dette også frå Ullensaker), loppekrål og loppekrås.
Og når frosken blir kalla hopp i Snåsa og Inner-Namdalen, blir det også naturleg å kalle egga for hoppspy. I Sørli dessutan hoppegg, og herfrå er også registrert det spesielle ordet kyll, som må gå tilbake på eit gammalnorsk ord for pose. Det er også bruka om geleaktig søl og mislykka mat. Frå Glåmos har vi fått samansetningane froskkake og rumpetrollkake.
Folkeminnesamlaren Joh. Th. Storaker noterte eit varsel knytt til froskspyet. Dersom det låg vest eller nord i ei tjønn, ville året bli dårleg, men godt om ein fann det i sør eller vest. Og det hjelpte ikkje om ein prøvde å flytte på det. Dette merket er frå Helgeland, men liknande teikn har dei også hatt på Hedmarka.
Sjøl minnest eg at vi som ungar prøvde å ha froskspyet over på flaske, kva det no skulle vera godt for. Og eg minnest ein original som var hos oss og kappa ved. Motoren på kappsaga gjekk varm, og så for han med ein tom «feskballboks» og skulle hente seg vatn i vegveita. Men da han skulle sjå til, hadde han fått boksen full av froskspy. – Nei, det vart no vel tungtvatn, ta der! sa han.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: