Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “august, 2013”

Måttå, skjær og skjøl’

Kornåker

Dette bildet får markere modnings- og innhaustingstid vi for alvor er inne i no. Dermed kan det vera grunn til å friske opp litt terminologi i så måte.

At åkeren er skjær når han er ferdig til å skjerast, er vel gjengs tale over store delar av landet. Dette adjektivet er sjølsagt avleidd av verbet å skjera.

Elles heiter det gjerne at kornet er mata, i austlege trønderbygder også måttå. Dette er partisippform til verbet å mata, her i tydinga ’mognast, fyllast med kjerne’. ”Åker’n ska ha tri vukku å skjøt ti å tri vukku å måttå ti,” heitte det i Stjørdal. Eventuelt kan ein seie at åkeren/kornet er fullmata. Er det sprik(je)mata/-måtå, er det i høg grad fullmoge, så moge at agnene sprikjer. Dette ordet hører heime i Gudbrandadalen, med utlaupar nordom Dovrefjellet til Oppdal og Sunndal. Overført kan det bli sagt i spøk om høggravid kvinne.

På Innherred har dei eit ord skjøl’ som beskriv måten åkeren står på når han skal skjerast. Det kan vera snakk om godt, greitt eller dårleg skjøl’. Ståan skjøl’ er ståande åker, i motsetning til legde. I forma skjør’ finst det lenger sør, i Oppdal, Rennebu og Sunndal. Også i Surnadal har dei nok same ordet, men brukt på ein litt annan måte: Å skjera skjør’ er der å skjera seg framover om lag 1,5 meter og føre dei avskorne stråa innpå det som enno ikkje er skore, og så skjera seg attende dit ein starta. Dette vart det eitt band av, og det skulle vera raskaste måten.

Ordet er visst ikkje fanga opp av dei eldre ordsamlarane Ivar Aasen og Hans Ross, og dermed har heller ikkje Alf Torp fått etymologisert det. Men den geografiske fordelinga mellom uttale med tjukk l og r tydar på opphavleg rd. I Norsk Ordbok har det da også fått oppslagsforma skjørde. Dette minner om svensk skörd ’(korn)skurd’, eit ord som også finst i Lierne.

Advertisements

Klårhol

Klårhol

Klårhol heiter det når det blir sprekker eller rifter i ellers tett skydekke, slik at ein kan sjå ein enkelt flekk av klår himmel. Ordet hører heime nordafjells; sterkast belagt i Nord-Norge, men også godt kjent i Trøndelag. Eit par eksempel på bruken: «Det held på og blir klårhol ti’n» (Hitra); «eg ser et klårhol noli!» (Rødøy). Frå Åfjord kjem utsagnet «no slit’n med klårhol» – sagt når det regnar for fullt.

Også ein klåre kan bli brukt om slik rift i skylaget. Men dette ordet kan også bety klårvêr, skyfri himmel.

På Vestlandet, i Fosen og Nord-Norge har ein også nemninga eit glan om ei lita glette i skyene. Ei meir spesialisert skildring av glan har vi frå Tysfjord: Rift i skylaget som ein ser solglansen gjennom, ofte langt borte. Andre spesialuttrykk er vindglan og rokkglan – det er gløtt i skylaget i sterk vind. Det verkar som vinden blæs hol i skydekket.

Ein utanlandsk turist oppheldt seg på ein norsk fjellgard ein sommar da skodda låg klistra nedpå dag etter dag. Han stod på trappa og prøvde å halde i gang ein samtale med sjølen på garden, som ikkje akkurat var ekspert i engelsk. Brått dukka det fram eit lite klårhol, og turisten sette entusiastisk i: – Oh, blue sky! – Ja, ja, det e skodd’, ja, nikka sjølmannen.

Krekling

16

Også ein bærsort, som kanskje ikkje er så mykje påakta, sjølv om han er fullt etande.
Krekling er det vanlege namnet i dag, og dermed det som sprer seg og fortrenger mange meir lokale namn. Uttalevariantar er krøkling, klekling, klækling og kløkling. Som ein god nummer to i norsk når det gjeld utbreiing er truleg krækjebær, som tilsvarar det norrøne krækibær. Elles finst usamansett krekje eller krækje (Rimsdal, Nordmøre, Nordland). Først og fremst i Nord-Noreg har vi former som krøk(e), krøyk)e) og krø(y)kjebær.
Alt dette må på ein eller annan måte henge saman med kråke. Det ser vi også tydeleg i dansk kragebær, svensk kråkbär ( i dialektar; det rikssvenske ordet er krikon), tysk Krähenbeere og engelsk crowberry. I engelske dialektar finst også crake-berry, som er lån frå skandinavisk. Enten kan det vera fordi kreklingen står på menyen til kråka, eller som ei slags jamføring på grunn av den blåsvarte farga.
Frå eit par plassar er oppgitt namnet kråk(e)skit (Masfjorden, Frøya). Informanten frå Frøya foreslår at dette kanskje er fordi det finst restar av denne bæra i krkeskiten. Han fortel også at gjetargutane togg safta ut av kreklingen og spytta ut ei tugge med skal, og den likna kråkeskit.
I Trøndelag er skrekling ganske vanleg. Det kjem truleg av krekling; det hender at ein s- fremst i ord kjem og går litt. Skrek i Lierne står i direkte samband med skräk i Jämtland.
Så har vi ei stor gruppe namn som kan synast litt uappetittlege, for dei har med piss å gjera. Det er slit som pissbær, migebær og migdall/migardall. Namna kan tyde på at kreklingen har hatt ord på seg for å vera urindrivande, men eg veit ikkje om at ein slik effekt er dokumentert. I gutedagane trudde eg kreklingen var kalla «pessber» fordi at safta spruta så langt når vi klemte på han. Eit artig namn i denne gruppa er pissravall, som er brukt ganske mange plassar i Sør-Trøndelag og i nokre bygder som grensar innåt (Aure, Rindal, Kvikne). Gutungar som væter seg i senga litt for lenge kan også få dette som eit utnamn.
Purkebær (Skjåk, Lom) og grisebær (Lom, Grue) er vel frå først av nedsettande nemningar. Innafor Buskerud fylke har ein tystebær (Numedal, Kongsberg, Sandsvær), fordi kreklingen kan vera god for tørsten.

Drol og drangel

Vi får halde oss til bærplukkinga litt til. Det gjeld sjølsagt å finne seg ein god bærplass, eit bærrom, eller som dei seier i Hemsedal, ei bærvon.
Det finst sjølsagt mange ord for dette. Frå Nordmøre kjenner eg til at dei har henta opp ordet med frå sjøen (fiskemed) og brukar det i f.eks. eit moltmed.
Men eit særprega nordtrøndersk ord for bærplass har vi i drol. «Gam-molta kvit’n i drolom på myrom» skriv Andreas Bøkseth i diktsamlinga «I setrom» (1978) på Snåsa-mål. Det er kanskje særleg molte ein tenker på med drol (moltdrol), men på eit bærdrol kan ein få tak i forskjellige sortar bær. Det finst også f.eks. blåbærdrol og tyttebærdrol. Etter kor i terrenget drolet ligg hen, kan det vera snakk om myrdrol og skogdrol. Ein riktig god bærplass blir eit goddrol eller stordrol.
Ungane kunne rope for å reservere ei bærtue for seg sjøl, f. eks. «mett drol»!» eller «ty salta drole mett!» (begge frå Verdal). Moltdrolet nærast seterhusda var uansett reservert for setertausa og kalla setertausdrolet (også Verdal).
I nordsvenske mål, som i Jämtland, har dei også ordet drol. Men der betyr det sump, myr eller våt eng. Det kan sjå ut som dette er nærare det opphavlege, for det er sannsynleg at det har betydd ‘gjørme, sump’ og er i slekt med drav. Vi kan sjå overgangen også i eldre trøndersk. Ivar Aasen fann at det betydde lita flate eller myr på Innherred den tida. Og i Snåsa har vi opp mot vår tid «græssdrol» om ein grasvaksen flekk.

Men det finst sjølsagt ord for tynne forekomstar av bær også. Fleire plassar i Trøndelag er det snakk om stræl eller strel, både som substantiv og verb. «Det va med stræleng å få ti nån bere» skriv Steinar Nilsen opp frå Hitra. Og da blir det «strelplokkeng». Eit anna ord som er brukt her, er drangel (Snåsa, Kvam), som blir sett i motsetning til eit drol.

Tonytring

Tonytring

Nett lita molte her, og ikkje akkurat av det slaget som fyller særleg opp i spannet. Men det finst ord for denne òg, som vi straks skal sjå. Eit moltebær er samansett av mange små delar og er eigentleg ei samling av mange steinfrukter. I Gloppen i Nordfjord kallast kvar slik enkelt del av molta for ei nytre.
Nytre er elles brukt vidare ikring på Vestlandet, først og fremst i Sogn og Fjordane og noko på Sunnmøre, om ein liten kul eller nupp i huda, eller ei lita kvise. Men i Gloppen har ordet altså fått ei spesialtyding. I Breim kan dei kalle eplekarten for nytre.
Molta på bildet har to slike smådelar, ser vi. I Gloppen heiter ei slik ei for ein tonytring.
Tradisjonell dialekt er utruleg finstilt og nyansert for å omtala naturfenomen!

Molte

19

Her har molta vår vorte fullmoden. Molta står i ei særstilling blant bæra, og «molte og bær» er ein talemåte, ei samanstilling, omtrent som «sild og fisk». Kongen mellom bæra, meiner mange.
Molte eller multe er det vanlege norske namnet. Det finst også som dialektord i Sverige, der «standardordet» er hjortron. Og i dansk har vi multebær. Molte heng saman med adjektivet molten, som betyr blaut, mjuk, og som i sin tur er laga til verbet å melte (fordøye).
Same ordet, men med ei anna tydingsutvikling, er det nok når ordbokskrivaren Hans Ross (1895) fører opp multa eller molta med definisjon «fyldig svulmende kvinde».
Eit anna ord som kjem for ein når det gjeld molte, er myrbær. Dette blir gjerne sagt om ho medan ho enda er kart. Som i dette eksempelet frå Sande på Sunnmøre: «Der var mykje myrebær, men ikke ei einaste molte». Somme plassar seier dei myrbær om tranebær, som også er kalla myrtyte.
Fullmoden molte kan også bli kalla blautmolte, eller som i Aremark i Østfold kjerringmolte.
Det var ein kar som skulda nokså mykje på butikken, og ein haust kunne ikkje handelsmannen dy seg: – Når det er så mykje molte som no, så synest eg du skulle plukke såpass at du blir kvitt gjelda, sa han, – eg tek alt du er god for å plukke og gir deg seks kroner kiloet levert her! – Jasså, jasså, sa mannen, men kor mykje gir du for ho på rot da?
La meg også minne om ei herme etter ein eldre slektning av meg. Dette var like etter krigen, og varer som hadde vore rasjonert, begynte å komma tilbake. Folk på garden snakka om å sjå i veg etter molta. Men da forkynte ho: – Nei, eg bryr meg ikkje om molta no når det er svisker å få!

Skinnfellmolte

P1000662

Denne molta er kanskje kommen såpass langt at ho ikkje fortener namnet. Men skinnfellmolte er i alle fall moltekart som blir plukka og lagt til modning inne. Før skjedde dette gjerne under skinnfellen. Kjent begrep både i Trøndelag og på Austlandet. Det finst også eit begrep buksemolte («boksemølter»; Ringerike). Da plukka ein molta og hadde ho i ei bukse og knytte att nedmed okla.

Knyting og knepping er meir «nøytrale» ord for molte som nettopp har knept seg. I Vanylven på Sunnmøre har vi også samansetningane bærknyting og gråknyting. Og frå Vesterålen har vi ordet grønnskårving om tidleg moltekart.

Gallkart er eit godt trønderord for kart, ikkje berre av molte, men også f.eks. eple. Men i denne historia frå Namdalen gjeld det utan tvil molte: Ein kar frå Namsskogan var nede i Harran, på butikken, tidleg på sommaren. Der plaskregna det, men namsskogingen påstod det var fin sol da han for heimafrå. Noen gutar syntes dette vart i meste laget lokalpatriotisk, og sa: – Det er vel sikkert moden molte også på Namsskogan no? – Ja, det vil æ anta, når gaillkarten e så stor her i Harran!

Ein moltbjønn (Søndre Land) er ingen reell bjørn, men rykte om bjørn i moltetida for å halde plukkarar unna. I eit par innlegg framover skal vi sjå litt meir på molteterminologi.

Post Navigation