Moro med ord og uttrykk!

Skinnfellmolte

P1000662

Denne molta er kanskje kommen såpass langt at ho ikkje fortener namnet. Men skinnfellmolte er i alle fall moltekart som blir plukka og lagt til modning inne. Før skjedde dette gjerne under skinnfellen. Kjent begrep både i Trøndelag og på Austlandet. Det finst også eit begrep buksemolte («boksemølter»; Ringerike). Da plukka ein molta og hadde ho i ei bukse og knytte att nedmed okla.

Knyting og knepping er meir «nøytrale» ord for molte som nettopp har knept seg. I Vanylven på Sunnmøre har vi også samansetningane bærknyting og gråknyting. Og frå Vesterålen har vi ordet grønnskårving om tidleg moltekart.

Gallkart er eit godt trønderord for kart, ikkje berre av molte, men også f.eks. eple. Men i denne historia frå Namdalen gjeld det utan tvil molte: Ein kar frå Namsskogan var nede i Harran, på butikken, tidleg på sommaren. Der plaskregna det, men namsskogingen påstod det var fin sol da han for heimafrå. Noen gutar syntes dette vart i meste laget lokalpatriotisk, og sa: – Det er vel sikkert moden molte også på Namsskogan no? – Ja, det vil æ anta, når gaillkarten e så stor her i Harran!

Ein moltbjønn (Søndre Land) er ingen reell bjørn, men rykte om bjørn i moltetida for å halde plukkarar unna. I eit par innlegg framover skal vi sjå litt meir på molteterminologi.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: