Moro med ord og uttrykk!

Molte

19

Her har molta vår vorte fullmoden. Molta står i ei særstilling blant bæra, og «molte og bær» er ein talemåte, ei samanstilling, omtrent som «sild og fisk». Kongen mellom bæra, meiner mange.
Molte eller multe er det vanlege norske namnet. Det finst også som dialektord i Sverige, der «standardordet» er hjortron. Og i dansk har vi multebær. Molte heng saman med adjektivet molten, som betyr blaut, mjuk, og som i sin tur er laga til verbet å melte (fordøye).
Same ordet, men med ei anna tydingsutvikling, er det nok når ordbokskrivaren Hans Ross (1895) fører opp multa eller molta med definisjon «fyldig svulmende kvinde».
Eit anna ord som kjem for ein når det gjeld molte, er myrbær. Dette blir gjerne sagt om ho medan ho enda er kart. Som i dette eksempelet frå Sande på Sunnmøre: «Der var mykje myrebær, men ikke ei einaste molte». Somme plassar seier dei myrbær om tranebær, som også er kalla myrtyte.
Fullmoden molte kan også bli kalla blautmolte, eller som i Aremark i Østfold kjerringmolte.
Det var ein kar som skulda nokså mykje på butikken, og ein haust kunne ikkje handelsmannen dy seg: – Når det er så mykje molte som no, så synest eg du skulle plukke såpass at du blir kvitt gjelda, sa han, – eg tek alt du er god for å plukke og gir deg seks kroner kiloet levert her! – Jasså, jasså, sa mannen, men kor mykje gir du for ho på rot da?
La meg også minne om ei herme etter ein eldre slektning av meg. Dette var like etter krigen, og varer som hadde vore rasjonert, begynte å komma tilbake. Folk på garden snakka om å sjå i veg etter molta. Men da forkynte ho: – Nei, eg bryr meg ikkje om molta no når det er svisker å få!

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Molte

  1. Han far sa myrber om molte (Rindal)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: