Moro med ord og uttrykk!

Drol og drangel

Vi får halde oss til bærplukkinga litt til. Det gjeld sjølsagt å finne seg ein god bærplass, eit bærrom, eller som dei seier i Hemsedal, ei bærvon.
Det finst sjølsagt mange ord for dette. Frå Nordmøre kjenner eg til at dei har henta opp ordet med frå sjøen (fiskemed) og brukar det i f.eks. eit moltmed.
Men eit særprega nordtrøndersk ord for bærplass har vi i drol. «Gam-molta kvit’n i drolom på myrom» skriv Andreas Bøkseth i diktsamlinga «I setrom» (1978) på Snåsa-mål. Det er kanskje særleg molte ein tenker på med drol (moltdrol), men på eit bærdrol kan ein få tak i forskjellige sortar bær. Det finst også f.eks. blåbærdrol og tyttebærdrol. Etter kor i terrenget drolet ligg hen, kan det vera snakk om myrdrol og skogdrol. Ein riktig god bærplass blir eit goddrol eller stordrol.
Ungane kunne rope for å reservere ei bærtue for seg sjøl, f. eks. «mett drol»!» eller «ty salta drole mett!» (begge frå Verdal). Moltdrolet nærast seterhusda var uansett reservert for setertausa og kalla setertausdrolet (også Verdal).
I nordsvenske mål, som i Jämtland, har dei også ordet drol. Men der betyr det sump, myr eller våt eng. Det kan sjå ut som dette er nærare det opphavlege, for det er sannsynleg at det har betydd ‘gjørme, sump’ og er i slekt med drav. Vi kan sjå overgangen også i eldre trøndersk. Ivar Aasen fann at det betydde lita flate eller myr på Innherred den tida. Og i Snåsa har vi opp mot vår tid «græssdrol» om ein grasvaksen flekk.

Men det finst sjølsagt ord for tynne forekomstar av bær også. Fleire plassar i Trøndelag er det snakk om stræl eller strel, både som substantiv og verb. «Det va med stræleng å få ti nån bere» skriv Steinar Nilsen opp frå Hitra. Og da blir det «strelplokkeng». Eit anna ord som er brukt her, er drangel (Snåsa, Kvam), som blir sett i motsetning til eit drol.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Drol og drangel

  1. Rita Hovde on said:

    På Frøya sa vi «tikka tua» når vi fant ei tue med mye bær. På den måten reserverte vi den tua for oss selv.

  2. tojk on said:

    Takk for den! Når det gjeld tynn forekomst av bær, heiter det visst at det er «hemte» i Rennebu. Noko liknande har vi i «mølta er hentin» (Rollag i Numedal); da er det langt imellom bæra, og «dæ var hentent å fylle ei bytte» (Hemsedal).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: