Moro med ord og uttrykk!

Krekling

16

Også ein bærsort, som kanskje ikkje er så mykje påakta, sjølv om han er fullt etande.
Krekling er det vanlege namnet i dag, og dermed det som sprer seg og fortrenger mange meir lokale namn. Uttalevariantar er krøkling, klekling, klækling og kløkling. Som ein god nummer to i norsk når det gjeld utbreiing er truleg krækjebær, som tilsvarar det norrøne krækibær. Elles finst usamansett krekje eller krækje (Rimsdal, Nordmøre, Nordland). Først og fremst i Nord-Noreg har vi former som krøk(e), krøyk)e) og krø(y)kjebær.
Alt dette må på ein eller annan måte henge saman med kråke. Det ser vi også tydeleg i dansk kragebær, svensk kråkbär ( i dialektar; det rikssvenske ordet er krikon), tysk Krähenbeere og engelsk crowberry. I engelske dialektar finst også crake-berry, som er lån frå skandinavisk. Enten kan det vera fordi kreklingen står på menyen til kråka, eller som ei slags jamføring på grunn av den blåsvarte farga.
Frå eit par plassar er oppgitt namnet kråk(e)skit (Masfjorden, Frøya). Informanten frå Frøya foreslår at dette kanskje er fordi det finst restar av denne bæra i krkeskiten. Han fortel også at gjetargutane togg safta ut av kreklingen og spytta ut ei tugge med skal, og den likna kråkeskit.
I Trøndelag er skrekling ganske vanleg. Det kjem truleg av krekling; det hender at ein s- fremst i ord kjem og går litt. Skrek i Lierne står i direkte samband med skräk i Jämtland.
Så har vi ei stor gruppe namn som kan synast litt uappetittlege, for dei har med piss å gjera. Det er slit som pissbær, migebær og migdall/migardall. Namna kan tyde på at kreklingen har hatt ord på seg for å vera urindrivande, men eg veit ikkje om at ein slik effekt er dokumentert. I gutedagane trudde eg kreklingen var kalla «pessber» fordi at safta spruta så langt når vi klemte på han. Eit artig namn i denne gruppa er pissravall, som er brukt ganske mange plassar i Sør-Trøndelag og i nokre bygder som grensar innåt (Aure, Rindal, Kvikne). Gutungar som væter seg i senga litt for lenge kan også få dette som eit utnamn.
Purkebær (Skjåk, Lom) og grisebær (Lom, Grue) er vel frå først av nedsettande nemningar. Innafor Buskerud fylke har ein tystebær (Numedal, Kongsberg, Sandsvær), fordi kreklingen kan vera god for tørsten.

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Krekling

  1. Rita Hovde on said:

    Skrekling ser så bokmålsk ut på trykk. På Fræya sier vi ‘skrækling’, med nokså lang æ-lyd.

  2. «Skrækling» e det på Ørlandet og. Sjøl bor æ i Klæbu no, her ha æ ailjer sjitt sorten nei. Den væks vel længer ut mot kysten og det gode klimaet fer sånne godsaker. Den e god te å bruk (minst lik god) i stan fer tyttber te vilt-steika!
    Men det va mytji skrækling på Austråt.
    Harald Røstad

  3. tojk on said:

    Takk for gode kommentarar!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: