Moro med ord og uttrykk!

Klårhol

Klårhol

Klårhol heiter det når det blir sprekker eller rifter i ellers tett skydekke, slik at ein kan sjå ein enkelt flekk av klår himmel. Ordet hører heime nordafjells; sterkast belagt i Nord-Norge, men også godt kjent i Trøndelag. Eit par eksempel på bruken: «Det held på og blir klårhol ti’n» (Hitra); «eg ser et klårhol noli!» (Rødøy). Frå Åfjord kjem utsagnet «no slit’n med klårhol» – sagt når det regnar for fullt.

Også ein klåre kan bli brukt om slik rift i skylaget. Men dette ordet kan også bety klårvêr, skyfri himmel.

På Vestlandet, i Fosen og Nord-Norge har ein også nemninga eit glan om ei lita glette i skyene. Ei meir spesialisert skildring av glan har vi frå Tysfjord: Rift i skylaget som ein ser solglansen gjennom, ofte langt borte. Andre spesialuttrykk er vindglan og rokkglan – det er gløtt i skylaget i sterk vind. Det verkar som vinden blæs hol i skydekket.

Ein utanlandsk turist oppheldt seg på ein norsk fjellgard ein sommar da skodda låg klistra nedpå dag etter dag. Han stod på trappa og prøvde å halde i gang ein samtale med sjølen på garden, som ikkje akkurat var ekspert i engelsk. Brått dukka det fram eit lite klårhol, og turisten sette entusiastisk i: – Oh, blue sky! – Ja, ja, det e skodd’, ja, nikka sjølmannen.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Klårhol

  1. tojk on said:

    Eit anna nordnorsk ord for dette er skyglan (frå Leirfjord, Salten, Lofoten og Senja, iflg Norsk Ordbok)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: