Moro med ord og uttrykk!

Måttå, skjær og skjøl’

Kornåker

Dette bildet får markere modnings- og innhaustingstid vi for alvor er inne i no. Dermed kan det vera grunn til å friske opp litt terminologi i så måte.

At åkeren er skjær når han er ferdig til å skjerast, er vel gjengs tale over store delar av landet. Dette adjektivet er sjølsagt avleidd av verbet å skjera.

Elles heiter det gjerne at kornet er mata, i austlege trønderbygder også måttå. Dette er partisippform til verbet å mata, her i tydinga ’mognast, fyllast med kjerne’. ”Åker’n ska ha tri vukku å skjøt ti å tri vukku å måttå ti,” heitte det i Stjørdal. Eventuelt kan ein seie at åkeren/kornet er fullmata. Er det sprik(je)mata/-måtå, er det i høg grad fullmoge, så moge at agnene sprikjer. Dette ordet hører heime i Gudbrandadalen, med utlaupar nordom Dovrefjellet til Oppdal og Sunndal. Overført kan det bli sagt i spøk om høggravid kvinne.

På Innherred har dei eit ord skjøl’ som beskriv måten åkeren står på når han skal skjerast. Det kan vera snakk om godt, greitt eller dårleg skjøl’. Ståan skjøl’ er ståande åker, i motsetning til legde. I forma skjør’ finst det lenger sør, i Oppdal, Rennebu og Sunndal. Også i Surnadal har dei nok same ordet, men brukt på ein litt annan måte: Å skjera skjør’ er der å skjera seg framover om lag 1,5 meter og føre dei avskorne stråa innpå det som enno ikkje er skore, og så skjera seg attende dit ein starta. Dette vart det eitt band av, og det skulle vera raskaste måten.

Ordet er visst ikkje fanga opp av dei eldre ordsamlarane Ivar Aasen og Hans Ross, og dermed har heller ikkje Alf Torp fått etymologisert det. Men den geografiske fordelinga mellom uttale med tjukk l og r tydar på opphavleg rd. I Norsk Ordbok har det da også fått oppslagsforma skjørde. Dette minner om svensk skörd ’(korn)skurd’, eit ord som også finst i Lierne.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: