Moro med ord og uttrykk!

Raudtarramodd

Taretorsk1

Taretorsk er vel det mest utbreidde namnet på denne karen. Vi har å gjera med stasjonær torsk som lever på grunt vatn og er godt kamuflert av tang og tare. Det er gjengs oppfatning at han derfor har fått denne raudbrune fargen på skinnet. No varierer nok fargen litt. I ordtaket heiter det nemleg «Det er ‘kje alle taretorskar jamraude».
Raudtorsk er eit anna ganske utbreidd namn på han. I Trøndelag, på Nordmøre og i Romsdal blir det vanleg sagt taremodd (tarramodd). Men er han ekstra markert raudbrun, blir det gjerne presisert med raudtarramodd(e) både på Nordmøre og her og der i Fosen. Raudmodd er nemnt frå eit par plassar på Nordmøre (Eide, Øksendal), og «rautarratosk» i Halsa. I Malm har dei oppfatta han som meir brun enn raud og kalla han «bruntosk«.
Nordleg utbreiing har taregjedd («-gjadd»), med Nord-Norge og Namdalen først og fremst.
Eit par norrøne namn har også overlevd: Kroppung (Selje Ulstein) og grunnung (Agder og Jæren). Det siste heitte grunnungr i norrønt og finst interessant nok att på Shetland som «groinin». Det syner sjølsagt til at han held seg på grunt vatn.
Vi kan ikkje unngå å ta med at både raudtarramodd og tarramodd også er brukt overført på folk. Karar med raudt hår kan ligge an til på få slike «heidersnamn», og spesielt om dei i tillegg er raude i ansiktet.
God matfisk er dette i alle fall. Her ser vi han igjen, i selskap med eit «søskenbarn» som har litt annan let:

Taretorsk2

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Raudtarramodd

  1. Erling Flem on said:

    Kroppung er levande som namn også i Haram på Sunnmøre, allmennt kjent og brukt namn trur eg.

    (kommentar til Legg igjen et svar-sida: Der står det «Fyll inn feltene under, osv. Eg føretrekkjer å fylle UT eit felt, eit skjema osv. Kanskje kan eg få nokre utfyllande kommentarar til dette frå den/dei som styrer nettsida her? Det er vel det engelske «fill inn» som no hindrar oss i vår tradisjonelle norske utfylling:-).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: