Moro med ord og uttrykk!

Klopp

Klopp

Her ser vi det eg vil kunne kalle ei klopp, altså ei lita gangbru over ein bekk. Ordet har visst vore vanleg over store område, men det begynner kanskje å få litt svekka posisjon, for det er fleire som kommenterer det og spør om det. Aasen fører opp Vestlandet, Trøndelag og fleire, så det kan hende det har eit visst tyngdepunkt i vest og nord. Men ordet er definitivt brukt mange stader austafjells også. I Gauldalen og Klæbu har det av og til utvida det til klopping.

Somme vil nok hevde at brua må vera laga av stokkar eller halvklovningar for å kunne kallast klopp.

Også i myr kan det bli lagt klopper, slik Gerhard Schøning beskriv det frå Klæbu i 1770-åra: «.. maa fares over en mængde af de saa kaldte Klopper, det er Stokke, som enten i tu klovne, eller heele, lægges over Myrer og Moradser, enten jevnsides langs efter Veien, eller tverts over den, efter hinanden».

Klopp kan også brukast om låvebru (låveklopp, lemklopp) og om låg trapp eller steinhelle framfor døra på hus (bursklopp, dørklopp, stueklopp).

Ordet er gammalt, for det fanst også i norrønt. Etymologisk er det samanheng med klamp i følgje Alf Torp, og han viser til lågtysk klampe og frisisk klimpe som skal tyde det same som vårt klopp.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Klopp

  1. Ann Grimsmo on said:

    Over myra nord for Rindal sentrum heiter det frå gammalt «Langkloppan» . Her var det nok lagt ned stokkar. Låvklopp og døraklopp vanleg bruka i Rindala.
    Ann Grimsmo

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: