Moro med ord og uttrykk!

Tytebæret oppå tuva

8

Høgsesong for dette no! Men tyttebær gir også grunn til ein viss språkleg refleksjon. For kva er tytte-? Det kan neppe vera noko anna enn ein vri på det kjente ordet tyte, som vi veit betyr blemme, knart e l. Tyttebæra er jo raude tyter. Somme plassar kallar dei tyttebær rett og slett for tyte, for det meste på Vestlandet og i Nord-Norge.

Tyttebær blir elles ofte trekt saman til tyttber, typpber, typper o l. Ein nordmøring som hadde vore utsett for heftige angrep frå mygg, samanlikna den skamstukne leggen sin med ei «typpermark».

Mykje utbreidd er også avleiinga tyting. Folk vil kjenne det ordet frå kokkekunsten til Arne Brimi, og Gudbrandsdalen er nettopp eit område der dette ordet står sterkt. Elles finn vi det i Nord-Østerdalen, på indre Nordmøre, i øvre Gauldalen og på Røros, og somme andre plassar. I min eigen dialekt frå Sunndal seier vi tyting, men «tytber» finst i stadnamn. Mor mi derimot, frå Øksendalen, sa alltid «typper».

Så har vi eit par andre variantar: «Tuhljing» eller «tohljing» (normert: tutling) møter vi i indre dalstrøk i Sør-Trøndelag pluss Kvikne og Stjørdal. «Tyhljing» (tytling) har vi i Oppdal og Rennebu, og tilsvarande på Voss og i Indre Sogn. Og så er «tysling» registrert frå Idd, lengst sør i Østfold.

Da var vi visst gjennom det viktigaste, og kan avslutte med ei lita rispe. Ein snurpar låg til lands ein plass på Trøndelagskysten. Der var det bryllaup, og folket på båten vart oppbedne på kaffe. Der kom kallen i snakk med bryllaupsgjestene, som meinte han skulle hatt med kjerringa: – Nei, æ et itt skrubb der det veks typper! sa han

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Tytebæret oppå tuva

  1. Rannveig Bøe Bakken, 2665 Lesja. on said:

    Tyting.

  2. Rannveig Bøe Bakken, 2665 Lesja. on said:

    På Lesja si oss tyting, men det seiest det vel andre plasser og.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: