Moro med ord og uttrykk!

Faregard

Faregard

Dette gjerdet er nok sett opp for at det skal vera tryggare å gå akkurat her, mindre fare for å ramle ut. Også for slikt finst det ord, først og fremst på Vestlandet, ser det ut til. Det er vel kanskje der det er størst behov for slike gjerde, men ein ville vente seg at det også kunne finnast noko liknande i alle fall i Nord-Norge.

Faregard er gjerde som er sett opp som vern mot farlege stader, først og fremst for at krøttera ikkje skal gå seg utfor hamrar og stup, ut i myrhol m m. Ordet finst spreidd på Vestlandet frå Ryfylke og opp til Sunnmøre. Uttalen er gjerne fåregard, i Sogn også «faoragar». Ein liten vri har dei gjort i Stranda på Sunnmøre, der heiter det «fårleggard».

Nesten like utbreidd er vågard eller våegard, til våe = fare. Det finst i Sunnhordland, Hardanger, Vossebygdene, Sogn og Nordfjord. Stundom kan det bli sagt vådegard, vaoagar eller vaogagar. Kvar gardbrukar hadde gjerne sitt stykke «vågard» å halde ved like. Den som ikkje passa på sitt stykke, vart ansvarleg for ulykker som kunne inntreffe.

Det tredje ordet eg har komme over (så langt) for slike gjerde, er skadegard. Dette er meir avgrensa og har færre belegg (Jølster, Davik i Sunnfjord, Dalsfjord på Sunnmøre).

Men kva med ord for slikt austa- og nordafjells? Eg ventar spent på kommentarar!

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Faregard

  1. tojk on said:

    Da har det komme inn litt materiale også frå Trøndelag. Per Odd Molberg nemner «valgal» (på facebook), som må vera det same som Ivar Aasen i si ordbok fører som vargard. Dette er også registrert frå Mo og Seljord i Telemark, og frå Agdenes. Frå nabokommunen til Snillfjord, Agdenes, har vi varutgard.

  2. tojk on said:

    Enda eit ord er registrert for dette: vakgjerde (Bykle i Setesdal).

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: