Moro med ord og uttrykk!

No kjem lauvristar’n snart –

21b

Bjørka står fin i haustdrakt. Men det skal ikkje så mykje vind til før det blir lauvfall no. Sterk, rivande vind om hausten slik at lauvet fyk av trea har fått eigne namn i folkemålet. Først og fremst på Austlandet og i Telemark har det vore snakk om lauvristar’n. I Våler i Solør også lauvristen.
Eit anna namn på dette, stort sett frå same området, er lauvrivar’n. Hans Børli seier dette: «Den årvisse høststormen blåser opp. «Lauvrivar’n» som den kalles i folkelig tale» (Med øks og lyre, s. 113). På Romerike var mattismesse den 21. september kalla for Mattis lauvrivar.
Andre namn på vinden som tek lauvet, er lauvrusken (Sør-Odal) og lauvrøyta (Dyrøy i Troms). Send gjerne inn andre ord for dette om du veit om det!

Etter lauvrivaren kjem bekkjerensken (Hjartdal) eller bekkerenskær’n (Ringerike) – ein haustflaum som gjer at bekkene får kvitte seg med alt det nedfalne lauvet.

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “No kjem lauvristar’n snart –

  1. Erling Flem on said:

    Lauvristen er namnet je kjenner frå Hadeland , det huser je at je hørde sagt fysste gongen ta morfar min Ole Hansson Ruud (f.1889 oppvøksin på Rud i Songsbygda, Nordre Jemnåker.)
    -Erling Flem

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: