Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “oktober, 2013”

Berre fausken

Fausk

Fausk er eit nokså utbreidd ord i alle landsdelar for morken, opprotna eller marketen ved. Sagt om både virket og om stokkar eller stubbar. Somme stader er det også brukt om lett oske, eller om noko anna som er lett (som nyfallen snø eller tørt høy). Men mest vanleg er det om trevirke, som kan vera berre fausken. Det smuldrar opp når ein tek i det. Uttalen er i mange tilfelle føsk, stundom også fusk (Oppdal, Ålen, Østerdalen) og fusjk (Røros).

Naturleg nok trengst det eit adjektiv attåt, og da må det bli at veden er fausken («føssjinn» e l).

Overført på folk passar dette på gamle, tufsete kallar, ein kallføsk (Meldal).

«Det væks itt skjægg på føskstøbbin», sa dei i Leksvik til skjegglause 17-17-åringar.

Rotstubbar kan stundom vera berre fausken. Vi dristar oss til å avslutte med ei litt dryg historie om ein rotstubb som nok var litt fastare i veden: Kallen vakna ei natt av at kona skreik så fælt under fellen. Han ruska ho vaken og spurte kva som stod på. – Å nei, eg drømte så fælt. Eg sklei utfor ein bergskrent, men så fekk eg tak i ein rotstubb, heldigvis. – Ja, no er du berga, så no kan du sleppe denne rotstubben du kallar, sa mannen.

Brøytstikke, vegstikke

Vegstikke

Det er sesong for desse, og eit sikkert teikn på den kommande vinteren at desse er på plass. Men kva kallar vi dei? Dette har eg pr i dag ikkje kartlagt noko særleg utanom Trøndelag. Men det ser ut for at brøyt(e)stikke og vegstikke er dei mest vanlege orda. Desse to er også ein del i bruk i avisene. Det blir også avertert med brøytestikker og vegstikker.

Mange plassar i Sør-Trøndelag er det også snakk om vegpisk eller veipisk. Dette ordet går også inn på nordmørsk territorium, i Rindal, og er dessutan oppgitt frå Verran. Svak form vegpiske eller veipiske finst somme stader (Glåmos, Brekken, pluss Bolsøy i Romsdal). Pisk har vi også i brøytpisk (Meldal, Frøya, Åfjord, Rissa, Verran). Frå Frøya og Ytterøya kjem brøytpinna.

I eit par ord går svei(g) inn: brøytsvei (Orkdal) og veigsvei (Høylandet).

På Frosta har det vore sagt vegkantstikker.

Frå Selbu blir det opplyst om «vare» (f; varde), og frå Lånke om varding. Dette er kanskje overført frå varding av skiløyper og turistruter. Lokalt for Meråker er pek (visstnok hokjønn), som vel er til peike, stikkene peikar ut vegen.

Og i Torjulvågen (i Tingvoll kommune på Nordmøre) kan hånstaur bety brøytestikke!

Men her er det truleg mykje upløgd «ordmark». Send inn dine ord for dette!

«Skyttærtråd»

Skyttartråd

Ledningstråd etter sprenging. I Skien vart dette kalla «skyttærtråd», og ungane samla på dette. Truleg er skytetråd e l ei kurant nemning på dette.

Men har du andre ord for dette, så send inn! Vi publiserer det her, og sørger også for at det går inn i arkiv og blir tilgjengeleg der.

Nype

13

Det går mot vinter for denne nypa. Namnet nype på frukta er å rekne som allmennorsk, med variantar som nupe og njupe. Men på Vestlandet heiter det gjerne jupe, og i Rogaland og Vest-Agder finn vi kjuba og kjube. Færøyisk hjupa og dansk hyben viser n-en ikkje er opphavleg i ordet. Den har truleg komme inn gjennom ”feil” analyse og oppløysing av ei samansetning som stein-hjupe.

På Nordmøre og i Romsdal er det dessutan komme inn ein k, slik at det der heiter knype eller knyp. I romsdalsmål også knupe. Dette går også inn i tilgrensande bygder i Sør-Trøndelag (Hemne, Meldal, Oppdal). Etter Alf Torp er dette truleg omforming etter andre ord med kn-, som knypri ’knort’.

Nypebuska er også ofte kalla klung (klong), klunger eller klungerkjerr. I sørlege strøk er nypetorn mykje brukt.

Om ungane åt steinane i nypa, ville dei få lus i magen, eller kløe i baken, var trua fleire plassar.

– Det luktar ikkje så verst av meg likevel, sa mannen, han vakna av rusen under ei nyperosebusk!

Kornvind og bjønnvind

haust3 30.9.12

Det er vanskeleg å ta bilde av vinden, så eit meir allment haustmotiv får gjera nytta. Tørr og mild vind om hausten (helst i august og september) har namnet kornvind, fordi denne er bra for mogning og tørking Særleg kjent og utbreidd er dette ordet i Trøndelag, men også i Rindal, som vel må reknast som ei ”assosiert” trønderbygd både språkleg og på anna vis. Ordet er heller ikkje ukjent nedover Vestlandet (Suldal, Kvinnherad).

Tørt vêr på denne tida var omtalt som konnstaurver (Sparbu) den tida dei førte kornbanda opp på staur. I Astafjord i Troms har denen vinden vore kalla kornmating.

Svein Tømmerdal fortalte i 2008 i ein kommentar til ein blogg eg hadde på NRK sine nettsider om ein gard der husfolket vakna ei natt av at det knirka og knaka i huset. Dei hadde korn ute og venta på sønnavinden som skulle tørke det. Kjerringa lurte på kva bråket var, og mannen sa: ”No kjæm hain som ska sætt mærjen i koinne”. Dagen etter viste det seg at det var ikkje sønnavinden, men ein friar som hadde komme til tausa!

Eit anna forhold dei rekna med om hausten, var at det skulle komma tørr austavind (landvind) så bjørnen fekk tørke mose til hiet for å sova på. Denne vinden var kalla bjønnvind (Trøndelag) eller bjønnavind (Surnadal, Rindal, Hemne) og var noko seinare enn kornvinden, sist i oktober eller først i november. ”Det gusta så god ein bjønnvind innafrå dalane først på dagen, landver og lotørk av tryggaste slag” (Bjarne Østbø i romanen ”Vindfall”, s. 29). Dei rekna med bjønnvinden like sikkert som dei fastsette tidene i almanakken, skriv Johannes Kjesbu. Og om ikkje kornet hadde vorte tørt før, så ville det bli det når bjønnvinden kom. Meir sjeldan har det visst også vore sagt bjønnmåssåvind i Nord-Trøndelag.

I Nord-Norge kalla dei ein slik periode med tørr vind for bjønntørken eller bjynntørken. Her var det helst snakk om siste sjanse for å få høyet tørt. I Elsfjord bjynnmøsætørkjen (bjørnemosetørken).

Og så fell lauvet

22b

Lauv som visnar og fell av er noko som uunngåeleg hører hausten til, og onna i hagen med å raka det i hop. Men dette visna, neddotne lauvet vart også sanka inn til krøtterfôr. Og det kunne høve godt til strø i sauebingane.

Her er nokre namn på dette lauvet: Sjølv kallar eg det for daudlauv, og det viser seg å vera brukt nettopp på indre Nordmøre og i Oppdal. Men tettast belagt er det i Agder, der delvis uttalt som «dauelau».
I Meldal og Rennebu heiter det råssålauv, og i Sør-Aurdal, Land og Modum røsslauv. Sopelauv i Hardanger og sopløv i Singsås viser til at det vart sopa i hop. Frå Holla i Telemark og Elverum er notert rask(e)lauv. Elverum har også nemninga surlauv.
I førre hovudinnlegg såg vi at lauvrøyta kunne bli brukt om vinden som kjem og riv lauvet av trea. Men på Sunnmøre har det også vore sagt lauvrøyte om lauv som ligg på bakken og rotnar.

Post Navigation