Moro med ord og uttrykk!

Og så fell lauvet

22b

Lauv som visnar og fell av er noko som uunngåeleg hører hausten til, og onna i hagen med å raka det i hop. Men dette visna, neddotne lauvet vart også sanka inn til krøtterfôr. Og det kunne høve godt til strø i sauebingane.

Her er nokre namn på dette lauvet: Sjølv kallar eg det for daudlauv, og det viser seg å vera brukt nettopp på indre Nordmøre og i Oppdal. Men tettast belagt er det i Agder, der delvis uttalt som «dauelau».
I Meldal og Rennebu heiter det råssålauv, og i Sør-Aurdal, Land og Modum røsslauv. Sopelauv i Hardanger og sopløv i Singsås viser til at det vart sopa i hop. Frå Holla i Telemark og Elverum er notert rask(e)lauv. Elverum har også nemninga surlauv.
I førre hovudinnlegg såg vi at lauvrøyta kunne bli brukt om vinden som kjem og riv lauvet av trea. Men på Sunnmøre har det også vore sagt lauvrøyte om lauv som ligg på bakken og rotnar.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: