Moro med ord og uttrykk!

Kornvind og bjønnvind

haust3 30.9.12

Det er vanskeleg å ta bilde av vinden, så eit meir allment haustmotiv får gjera nytta. Tørr og mild vind om hausten (helst i august og september) har namnet kornvind, fordi denne er bra for mogning og tørking Særleg kjent og utbreidd er dette ordet i Trøndelag, men også i Rindal, som vel må reknast som ei ”assosiert” trønderbygd både språkleg og på anna vis. Ordet er heller ikkje ukjent nedover Vestlandet (Suldal, Kvinnherad).

Tørt vêr på denne tida var omtalt som konnstaurver (Sparbu) den tida dei førte kornbanda opp på staur. I Astafjord i Troms har denen vinden vore kalla kornmating.

Svein Tømmerdal fortalte i 2008 i ein kommentar til ein blogg eg hadde på NRK sine nettsider om ein gard der husfolket vakna ei natt av at det knirka og knaka i huset. Dei hadde korn ute og venta på sønnavinden som skulle tørke det. Kjerringa lurte på kva bråket var, og mannen sa: ”No kjæm hain som ska sætt mærjen i koinne”. Dagen etter viste det seg at det var ikkje sønnavinden, men ein friar som hadde komme til tausa!

Eit anna forhold dei rekna med om hausten, var at det skulle komma tørr austavind (landvind) så bjørnen fekk tørke mose til hiet for å sova på. Denne vinden var kalla bjønnvind (Trøndelag) eller bjønnavind (Surnadal, Rindal, Hemne) og var noko seinare enn kornvinden, sist i oktober eller først i november. ”Det gusta så god ein bjønnvind innafrå dalane først på dagen, landver og lotørk av tryggaste slag” (Bjarne Østbø i romanen ”Vindfall”, s. 29). Dei rekna med bjønnvinden like sikkert som dei fastsette tidene i almanakken, skriv Johannes Kjesbu. Og om ikkje kornet hadde vorte tørt før, så ville det bli det når bjønnvinden kom. Meir sjeldan har det visst også vore sagt bjønnmåssåvind i Nord-Trøndelag.

I Nord-Norge kalla dei ein slik periode med tørr vind for bjønntørken eller bjynntørken. Her var det helst snakk om siste sjanse for å få høyet tørt. I Elsfjord bjynnmøsætørkjen (bjørnemosetørken).

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Kornvind og bjønnvind

  1. tojk on said:

    Det viser seg at «bjyinn-tørka» (bjørntørka) har vore namn på ein slik periode med tørrvêr og vind på hausten i Ytter-Namdalen. Det er omtalt i årsskriftet Ytri Halfa 82007, s. 75) frå Nærøy. Denne perioden vvarte normalt minst 3-4 dagar, somme gonger også over ei veke. Folk forventa at denne tørkeperioden kom kvar haust, elles var det noko gale. Det var naturen sjøl som hadde ordna det slik.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: