Moro med ord og uttrykk!

Helgamess

_DSC1929a
(foto: Unni Ulltveit)

I dag er det 1. november, og vi har helgamess eller helgemess. Dette er det tradisjonelle norske namnet på Allehelgensdag. Det går tilbake på norrønt alla heilagra (manna) messa, som gammal kyrkjeleg merkedag til minne om alle helgenar og alle salige i himmelen. Dagen vart fastsett til 1. november av pave Gregor IV i det niande århundret.

Uttalen varierer mykje i målføra, med former som hellemess, hellemøss, hællamæss, hæg(e)møss m fl. Helgomess er sagt somme plassar, truleg påverka frå svensk.

Som vanleg er ved slike gamle merkedagar, har vi ymse varsel og teikn, gjerne knytt til vinteren som er i kjømda. «Helgamess er vetteren viss», heiter det i Ivar Aasen: Norske Ordsprog. Er han ikkje kommen før, så kjem han no, var trua, formulert slik frå Valle, om snøen: «Kjem han kje vednette (14. oktober) skriande, so kjem han helgomess ridande». Så kvite som elvane er av vatn før helgamess, så kvite skal dei bli etterpå av is, var eit anna merke.

Dei rekna med ein mildversbolk på denne tida, den såkalla helgamesstøy(r)en, eller helgamessbløyta (Austlandet), helgamessflaumen, hellemesslasken (Andebu), helgamessommar (Nordvestlandet).

Elles meinte dei at bjørnen gjekk i hi ved dette leitet, og i folketradisjonen blir mildversperioden av og til kopla i hop med bjønnvinden/bjønntørken, som gjorde at bjørnen fekk tørke mose til hiet. Jamfør hovudinnlegg om kornvind og bjønnvind 7.10.13: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2013/10/07/

Helgamess har også eit anna liv i språket, nemleg som kraftuttrykk. Da er det nok ei erstatning for «helvete», som ein har tykt vart for sterkt. «Kva i helgamess» kan det bli sagt, eller at noko er «helgamess dyrt», «helgamess stort» etc. Vi finn denne bruken også hos forfattarar, f eks «ellers barkar det helgamess i vald» (Duun: Siste leveåre, 47); «reis til Helgamess med alle bøkene» (Bojer: Folk ved sjøen, 194); «for et helgames rop og gaul og eksering og kommandering» (Magnhild Haalke: Røsten, 11).

Advertisements

Single Post Navigation

4 thoughts on “Helgamess

  1. Ola Dimmen on said:

    Artig og interessant, men kven er tojk i Uncategorized? Er det han(?) som har skreve dette?

  2. Knut Vodal on said:

    På Ekne,(Levanger) brukes Helgamess som forsterking til et skjellsord, F.eks. Helgamess dritkaill, med trykk på e-en i mess. Har det sammenheng med messe, eller har det en annen betydning?

  3. tojk on said:

    Hei Knut – det er nok som det står mot slutten av innleggeg, at «helgamess» som forsterkingsord er omforming/omskriving av «helvetes».

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: