Moro med ord og uttrykk!

Jurkvist

Jurkvist

Ja, det er ikkje noko ideelt eksemplar vi ser her, men det får likevel illustrere begrepet jurkvist. Det er nok eit eksempel på presis nemningsbruk for det vi møter i skogen. Jurkvisten er ein grov kvist som har ei utsvelling innmed stammen som med litt god vilje kan minne om eit jur. Slike finst gjerne på frittståande graner som har fått mykje næring og lys, og som derfor har vakse fort. Ordet finst først og fremst i Trøndelag og går over i Nord-Østerdalen. Men ting kan tyde på at det går vidare enn det. Eg siterer telemarkingen Knut Gamlekaas: «Brått stilna det. Motorsagene fræser ikkje argt i tennar og juvrekvist». Her kan det sikkert finnast fleire opplysningar, så send inn! På Ringerike er ordledda snudd om, så der heiter det kvistejur.

Jurkvisten kan vera utriveleg å komma borti for tømmerhoggaren. Men folk har også visst å gjera seg nytte av han, både til tjorhæl (tjorpåle) og til stallband i sledar.

I Suldal er slike kvistar kalla eistekvist, til eiste = testikkel.

Ord som har med dette å gjera, er også geit-tre om tre med slike kvistar (Ytterøya i Nord-Trøndelag; til geit = kvinnebryst). Og til slutt taskgran (Rindal), skildra som ei gran med «mykje utvekster og anna styggedom». Folk har ikkje vore pripne når det gjaldt å finne samanlikningsgrunnlag!

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Jurkvist

  1. Jurkvist er også kjent i Målselv. Konrad Stenvold (1908-2012) begynte å arbeide i tømmerskogen på 1920-talet då alt arbeidet vart gjort berre med øks. Furuene vart felt, kvista, kappa og barka med øks. Både kvisting og barking måtte gjerast nøye for at stokkane skulle gli lett i snøen. Dei grove furuene i Dividalen hadde ofte grove jurkvistar. Då snakka Konrad om kvistjur, veden som er rundt sjølve stammen av kvisten, som ein uting å arbeide med. Her blir det mykje motved å hogge bort for å få det heilt slett rundt kvisten. Det er då snakk om kvistjura som har denne motveden.

  2. tojk on said:

    Takk for kyndig og interessant kommentar, Roald!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: