Moro med ord og uttrykk!

Regnboge

Regnboge

Flott regnboge på Unni Ulltveits bilde her, den er til og med dobbel. Dobbel regnboge spår tørke, sjå meir om varsel lenger ned. Først litt språk: Standardordet regnboge er sjølsagt det mest vanlege, med dialektjustering i sisteleddet som -bågga, -båggå etc.
Men eit ganske godt utbreidd namn er også verboge. Dei gamle ordsamlarane (Ivar Aasen, Hans Ross, Chr. Vidsteen) fann dette i Valdres, Agder og på store delar av Vestlandet, heilt opp til Nordmøre. Dette blir også stadfesta i nyare materiale. Uttalen er gjerne «vebogje» e l. Heilt lokalt for Åseral er el(e)boge.
Eit så vakkert og spesielt naturfenomen har rimeleg nok fått knytt til seg mykje folketradisjon. Regnbogen (bifrost på norrønt, den bivrande, skjelvande brua) var brua som gudane gjekk på mellom Åsgard og Midgard. Det er kanskje som ei avspegling av dette vi har den kjente forestillinga at det skal finnast ein skatt, ei gullgryte, ved enden av regnbogen. Ei gammal tru var også at dersom regnbogen gjekk så høgt på himmelen at ein kom under han, kunne ein ønske seg tre ting. Det same dersom ein kom dit han slår ned. I Hardanger meinte dei at dersom ein greidde å kle av og på seg tre gonger under regnbogen, var ein viss på å komma til himmelen.
Regnbogen var også eit mykje brukt vermerke, slik namna på han vitnar om. Dei venta regn dersom han gjekk ned i vatn, og særleg om begge endane gjekk slik. Regnboge på kveldshimmelen var eit sikkert uversteikn i Østfold. Derimot ville det bli tørt ver dersom han gjekk heilt ned til jorda etter regn, og i det heile dersom han gjekk ned på land. Frå Østerdalen er det fortalt at om begge endane gjekk ned på land, ville det bli sol med småskurer innimellom. Himmelretninga hadde også sitt å seie for vervarselet, og likeeins forma og fargane. Svært rund regnboge ville bety regn, medan mykje raudt tydde på godver.
Det skulle ikkje vera bra å peike på regnbogen. Da ville han forsvinne, og det kunne dra vondt etter seg. Likevel har vi ein formular for nettopp å få bort regnbogen: «Regnbågga, regnbågga, skynn dæ heim, mor di legg i barseng og barnet legg i eld» (Frøya Historielag, årbok 1977, s. 72).
Stump av ein regnboge har sine eigne namn og varsel, men det får vi sjå på ein annan gong.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: