Moro med ord og uttrykk!

Verhau ved Munkholmen

Verstubb

Vi lovte å komma tilbake til regnbogen, og denne gongen ein stump av han, som går ned i horisonten ved Munkholmen i Trondheimsfjorden. Som vanleg er det Unni Ulltveit som har vore ute med kameraet sitt og fanga inn situasjonen. Ein slik stubb av ein regnboge er det mange eigne ord for, og alt Ivar Aasen noterte seg mange av dei rundt ikring i landet.

Det ordet som kanskje er best belagt, ser ut til å vera verhovud («verhau»), med sentrum i Trøndelag, utlauparar til Fræna og Nordland, og strøbelegg frå Bømlo. Ordet kan også bli brukt om andre naturfenomen, både om visse skyformasjonar og ikkje minst om lysande flekker nær sola, såkalla bisol. Fleire andre ord for regnbogestubb kan også brukast om bisol, såleis geisl (Strandvik i Hordaland), giksel (Gudbrandsdalen, etter Aasen) og gjell (Østerdalen, etter Aasen).

Frå Hemne og Vinje er verhorn («verhånn» opplyst som namn på stubb av regnboge. I Rennebu er det notert ei litt anna forklaring; der er «verhånn» skildra som eit mangefarga band frå synsranda og loddrett oppover, ikkje heilt som regnbogen, og på same sida som sola. Ein ser dette i klårvêr, og helst i fjellet. Liknande skildringar av «verhau» har vi frå Surnadal, Meldal og Oppdal.

Andre ord for stubb av regnboge er elhovud («elhove») frå Jøren, elstuv (Velfjord på Helgeland, her om slik stubb som ein ser i horisonten under ei stor uvêrssky), regnhuv (Vinje i Sør-Trøndelag),regnstuv (Innherred, etter Aasen) og verstuv (Senja, også etter Aasen).

Som ved den meir fullstendige regnbogen er det knytt vervarsel også her. Det ligg jo også i namna på el-, regn- og ver-. Det kan heite at at regn, blåster og ruskever vil fortsette, men også at vêret dei nærmaste dagane vil komma frå den kanten ein ser biten av regnbogen. Men i Gravvik i Nord-Trøndelag heiter (heitte) det godverssol når sola har ein liten regnboge framom, det skulle bety godvêr, gjerne også langvarig.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: