Moro med ord og uttrykk!

Sjølen og sjøla

Den 27.11. la eg ut på statusen min dette sitatet frå ein omtale av Per Sandbergs bok «Mot min vilje». Meldar er professor i filosofi Arild Pedersen. Han skriv bl a : «Slik veks Per opp i 60-åra i ein stor syskenflokk med ein hard «Didrik Dale»-aktig far, som vert kalla «Sjølen», som er forkorting for «Faen sjølv», og som slår borna sine». Eg kommenterte dette slik: «Kan hende Per Sandberg har hatt ein trasig far, men dette er for drygt. «Sjølen» eller «sjølin» i trøndermål er ei vanleg, nøytral nemning for mannen i huset eller på garden, «han far sjøl», og har ingen ting med han gammel-Erik å gjera. Og ikkje berre i trøndermål forresten, sjå Norsk Ordbok bd 9, spalte 1248, oppslag I sjølve. Det kvinnelege motstykket er «sjøla»».
Det kom over 30 kommentarar til dette, og svært mange støtta det som eg sa. No kom det også fram at Per Sandberg nok kan ha oppfatta «sjølen» i sitt tilfelle som «faen sjøl» ut frå det han faktisk skriv.
Men det suverent mest vanlege i trøndermål er «sjølen» eller «sjølin» om husfaren, og «sjøla» om husmor, matmor. Dette kan også ungar godt seie om foreldra sine. Ei fellesnemning er «sjølingan», som da er synonymt med «sjølfolket». Somme plassar kan dei også seie «bestesjølen» og «bestesjøla» om bestemor og bestefar. Onkelen min i Sunndal hadde ei artig nemning på ungfolket på garden: «små-sjøl-dæm».
Facebook-innlegget førte også til oppslag i Adressa 27.11.: https://ordoguttrykk.wordpress.com/aktuelle-utgivelser/
Slik bruk av sjølen og sjøla er ikkje avgrensa til Trøndelag. Det går også inn på Nordmøre, og i artikkelen i Norsk Ordbok som det er vist til ovafor, er slik bruk også dokumentert i Gudbrandsdalen, på Øvre Romerike, i Nordre Land og i Telemark. I Øvre Telemark som «sjaven» og «sjova».
Det er også heilt rett som Arnold Dalen påpeikar i oppslaget i Adressa, at «sjølen» også er sagt om sjefen, formannen, basen o l på ein arbeidsplass. Og rett skal vera rett: Frå nokre få plassar er også «sjølen» registrert om hinmannen. Norsk Ordbok fører opp Brandbu, Holla (i Telemark) og Namsskogan.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: