Moro med ord og uttrykk!

Randheil snø

Vinterluggumt

På denne myra er det såpass med snø at han absolutt må seiast å vera randheil. Rett nok er det ein bekk midt på bildet som er delvis open.
Det er kanskje ikkje alle som kjenner ordet randheil? Det er brukt når snøen dekkjer marka jamt over det heile utan at det finst berrflekker. Ordet ser ut til å ha eit kjerneområde i Sør-Trøndelag og på Nordmøre, men er også kjent i Folldal og Gudbrandsdalen. Det ser ut til å ha ei nordgrense i Meråker. «Snøen ligg randheil,» blir det sagt.
Andre stader kan det bli sagt t.d. snøfast eller snøheil(t) om det same.
Mindre utbreidde tydingar av randheil er om is som ligg heil utan ei einaste råk, om behaldar som er heilt full (braddfull) og om månen når han er heilt full. Frå Surnadal er notert ein heilt spesiell bruk – «å legge seg randheil» om å legge seg fullt påkledd (legge seg «rund», som det elles gjerne heiter).

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Randheil snø

  1. Sivert Gravem on said:

    Ette min ferstand må randheil snø kom frå fjilla der ein he randa så vanlevis e bær sia vend he blåse vekk snø’n – når ein ikkje sjer bærranda så legg’n randheil.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: