Moro med ord og uttrykk!

Kjøtmeis

Kjøtmeis

Denne karen har vi heldigvis trufast med oss heile vinteren. Kjent og kjær gjest på fuglebrettet, med ei stor mengd lokalnamn. At han er glad i kjøt og talg, avspeglar seg i namna. Kjøtmeis som det offisielle og talgokse er nok dei mest kjente. Elles har vi slike som kjøtmeising (Bolsøy, Singsås), kjøteirik (Telemark), kjøtokse (Trysil), kjøtigde (Velfjord) og ikkje minst kjøtspikkje (Vest-Telemark, Agder, Stavanger, Bjerkreim, Nordmøre). Om spikkje sjå meir nedafor.
Talgokse er kanskje opphavleg eit austlandsnamn, og kanskje også talgtit, i alle fall i forma tertit. Frå Trysil, Åmot og Nissedal er registrert talgmeis, og frå Elsfjord i Nordland talgtiting.
Spikkjetet er eit vanleg namn på kjøtmeisen i Nord-Østerdalen, Gudbrandsdalen, Oppdal og på Nordmøre. Dels er det forkorta til spikkje. Spikkje- ere som i spikkjekjøtt (spekekjøtt; salta og tørka for konservering).
Men kjøtmeisen har også namn som viser til anna enn matsetelen. Lyden har gitt namn som kvitt (Støren) og tvint (Trysil). Slike kan også gjera teneste som namn på andre fuglar. Den einsidige «filinga» har ført til at kjøtmeisen er kalla sagfilar i Hemnes og som utnamn låssmed i Sunndal.
Fargen på hovudet er årsak til namnet bekhette (Rauland). Flekkjerauv (Bjerkreim) er fordi han flekkjer – er uroleg. Ordet er også utnamn på ei som fer mykje og rek. Ord som landvindsigde og synnavindstipe (begge Troms) knyter seg til varsel for vindretninga. Dei kan også vera brukt om andre fugleslag

Eit par muntre historier til slutt:
Ein lærar tok med seg elevane ut ein forsommardag for å lære dei litt om dyra, først og fremst fuglar.
Så hørte dei ei låt, og læraren spurte kva det var:
– Ekorn, sa ei jente.
– Nei, det var ein talgokse, sa læraren.
.- Det var det eg skjønte, at det ikkje var nokon fugl, sa jenta.

Mange er ivrige etter å sjå etter dei første vårtegna, som første blomsteren, trekkfuglane m m. Ein kar i Rindalen hadde det også slik: – Han e komme kjøttspekken å sjer e, opplyste han ein dag!

Advertisements

Single Post Navigation

One thought on “Kjøtmeis

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: