Moro med ord og uttrykk!

Skåveg

Skålies

Veg eller stig som går på skrå opp ein bakke eller ei li. Ordet er (eller i alle fall var) ganske vidt utbreidd. Det er bra med tettsådde belegg både i Sør-Trøndelag og på Nordmøre, men også fleire plassar austafjells (Hedmarka, Toten, Land, Heddal m fl). Ivar Aasen fann det også i Nordland. Slik skriv Bjarne Østbø i romanen «Vindfall»: «Sia kom han inn på ein skåveg ned brattlendet mot elva» (s. 55).
Ein kan kanskje finne på å tru at skå- her er ei forvrenging av skrå. Men nei, adjektivet skå betyr ‘skrå, skakk, skeiv’, t.d. i uttrykk som på skå(s), til skås og til skåes. I norrønt fanst det som skáðr.
Vi har fleire samansetningar i denne ordgruppa, slik som eit skåhall, eller som adjektiv, at det er skåhalle. Eit skåberg er ei skrått, hallande berg. Og på skåvegar tek ein seg fram skålies, enten ein går eller kjører.
Synonymt med skåveg er sne(d)veg. Dette finst også i Trøndelag og på Nordmøre, pluss enkelte plassar austafjells: Folldal, Ringebu, Ål. Vestlandet er her representert med Etne og Voss, og Nordland med Velfjord. Og på slike plassar er det sne(d)halle. Det ordet har eg med meg frå heimbygda Sunndal, og det dukkar opp igjen i Nord-Norge (Sørfjord, Astafjord, Lavangen). Sne(d)- her er ein nær slektning av snei, som i «på snei», men ikkje eksakt same ordet. I normalisert form heiter det sned og tyder skrå stilling. Ivar Aasen fører opp dømet «vegen går i sned». Norrøn form er sníð.
Til slutt tek vi med eit lokalt uttrykk frå Orkdal for å gå skålies: å gå frammed-bakk.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Skåveg

  1. tojk on said:

    Takk til gode sunndalingar Hallgeir Nisja og Steinar Romfo som minte meg på det gode sunndals-uttrykket «å ga (gå) snelies». Dette finst andre plassar også, forresten.

  2. Snehallt er også vanleg i Målselv. Eg trur ordet er med i dialektordboka til Bardu historielag så då er ordet vanleg der også.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: