Moro med ord og uttrykk!

Sjursmessdag

Med dette bildet frå eit litt snøfattig Trøndelag marerer vi sjursmessdagen. under finn du ein artikkel om denne gamle merkedagen. Stykket er av Tor Erik Jenstad og stod i årsskriftet Du mitt Nordmøre i 2010.

Rotvollfjæra 1.1.13

Det tradisjonelle namnet på 23. desember på Nordmøre er sjursmøssdagen, eller sjursmessdagen. I dag er det kanskje mest vanleg å tala om litljulaftan, men det er nok eit heller nytt ord i målet på våre kantar. Mor mi fortalte derimot at litljulkvelden var sagt om trettandekvelden (”helligtrekongersaften”) – altså den 12. januar. Det var markert som ein liten julekveld, med høgtidskost, og dei fann fram att lysa som hadde brunne på sjølve julekvelden. Denne tradisjonen må gå tilbake til før kalenderskiftet år 1700, og den forskuvinga som skjedde fordi dei da hoppa over 12 dagar. 5. januar ville da tilsvara den gamle julekvelden.

Nemninga sjursmesse og sjursmessedag er kjent i eit avgrensa område som ein med litt velvilje kan kalle midtnorsk. Det gjeld Nordmøre, Trøndelag og Nordland. Dette området heng saman med Jämtland og Härjedalen på svensk side, der sjursmess også er kjent. Eldste registreringa av denne nemninga i norsk er truleg i Ivar Aasens Norsk Ordbog (1873), med heimfesting til Trøndelag.

Sjur er ei forkorta form av mannsnamnet Sigurd, og samansetninga med messe tyder på at dagen må ha vore høgtida til minne om ein helgen med dette namnet tilbake i katolsk tid. Helst bør det også ha hendt noko sers med Sigurd på denne dagen. Til dømes er gregorsmesse 12. mars til minne om paven Gregor den store, og mikkelsmesse 29. september er minnedag for erkeengelen Mikael. Sankthans eller jonsok/jænsøkku 24. juni er gebursdagen til Johannes døparen, og olsok er som vi veit til minne om da Olav den heilage fall i slaget på Stiklestad 29. juli i 1030. Mønsteret er såleis heilt greitt.

Men merkeleg nok har ingen kunna gje noko sikkert svar på kven denne Sjur eller Sigurd var. Det finst ingen slik helgen, og ingen ting som viser til noko slikt i det liturgiske materialet frå middelalderen. Helgenkultusen må i tilfelle ha vore heller lokal.

Eit anna namn på denne dagen som kanskje kan innehalde ein interessant parallell, er tollesmesse. Dette skriv seg frå biskop Torlak den heilage på Skálholt på Island (død 1193). Han vart kanonisert på det islandske Alltinget i 1178, men visst aldri offisielt godkjent av den katolske kyrkja. Torlak vart dyrka som helgen ikkje berre på Island, men også på Vestlandet og i Nord-Norge.

Det er rike folketradisjonar knytt til sjursmessedagen, som det også er elles med jula. Ofte blir desse tradisjonane kopla med folkeetymologiske forklaringar på namnet. La oss sjå på nokre av desse.

På Frosta heitte det at denne dagen kom ”Sjul” med bryggebøtta og ”Tåmmås” med kakespaden. Her har det nok skjedd ei samanblanding med 21. desember, som er tomasmesse, minnedagen for apostelen Tomas. Tomas bryggar er eit anna namn på 21. desember. På Averøya var det snakk om Tomas med jullågja når det vart mildver 21. desember, dei skulle altså få vatn til å bryggje juleølet. Bryggjarlaug var namn på ein mildversbolk før jul i Øksendalen.

I Gauldalen var det eit merke at dersom det regna på sjursmessdagen, ville det bli regn i sju veker framover. Som på andre merkedagar tok dei vermerke også her. ”Sjursmessda’n i ræg`ne/ræg`ni” (dativ) var eit uttrykk fleire plassar i Trøndelag. Ein kunne vente seg mildver og regn denne dagen. Dette skulle elles vera bra, og varsle for eit godt år.

I Skaudalen i Rissa var det snakk om ”Sjur med spaden”, og ungane for og kasta ein spade inni gangen til folk denne dagen. På Skatval vart den som stod sist opp denne dagen, kalla ”Sjur”, som eit slags ertenamn.

Frå Røyrvik i Nord-Trøndelag heiter det at ”Sjur oppi mura” var eit vette ungane måtte passe seg for den 23. desember, i lag med ei dei kalla ”Løssi oppi lofti”. På Hitra var ”han Sjursmess” namn på eit lite, vondt vette i folketrua. Sisteleddet her er kanskje omlaga av
-meisk, som vi kjenner som namn på fanden, blant anna frå bøkene til Olav Duun. I Trøndelag er elles Gammelsjur eit vanleg namn på den vonde sjøl – sjå meir om dette nedafor når vi kjem inn på den svenske tradisjonen.

Sjursmessdagen var prega av at det var mykje arbeid som skulle gjerast før jul. Den store høgtida begynte å nærme seg for alvor, og dette vart ein spesielt travel dag. Ein måtte derfor stå opp i otta, og ”sjursmessda’n i otten” var eit begrep, t.d. i Verdal. ”Sjursmessmårrån i ottån ska drengen åt skjuli i skjortån”, sa dei i Leksvik. Det kunne også hende at dei slakta gris denne dagen. Frå Oppdal heiter det at ”sjursmøssda’n ette none” skulle alt gjerast. Frå Stangvik på Nordmøre hører vi at det var brukeleg å smørje reipa etter at dei hadde ete til nons på sjursmessedagen. Dette var det siste arbeidet som skulle utførast før jul (sjå Du mitt Nordmøre 1974, s. 28).

Dagen hadde også sine eigne matskikkar. På Frosta blir det påstått at ein åt heile sju middagar
denne dagen! Elles veit vi at dei bruka ha mølje fleire plassar, og i Selbu var det noko dei kalla sjursmessdagskål’n (omtala i Adresseavisa 17.12.1998).

På folkemunne har ein av og til knytt sjursmessdag til ei segn eller historie om ein mann som heitte Sjur og budde einsleg på ein avsides plass. Den første av dette slaget som stod på trykk, var visstnok den versjonen som Ole Stuevold Hansen har frå Selbu og Tydal i ”Bygdefortællinger” frå 1873. Her er det fortalt om Roltdalen i Selbu, der det i gamle dagar var to gardar ”Stærnæs” og ”Lunden”. Ein gong på vinteren hadde Stærnæsmannen komme av dagtalet. Så ville han gå til næraste grannen på Lunden for å få veta kor lenge det var att til jul og for å låne seg litt til helga. Men da han var kommen eit stykke på vegen, ropa trollet borti berget: ”Stakkars Stærnæsmand, som itnaa ha til jul, inn lev brø i bur aa inn stokk ve i skjul! Vend om Sjur! Lundmanden er bærre sur, du fæ itnaa taa a, dæ e trur. Vend om Sjur, natta i aa daagaan to te jul!” Liknande historier har gått andre stader, sjå for eksempel Årbok for Øvre Orkdal Historielag 1976 (s. 32) og Kumur (årbok for Snåsa Historielag) 1976 (s. 6-7). Eg har også hørt historia fortalt munnleg. Men Sjur-namnet er nok her sekundært i forhold til namnet på dagen, og forklaringa har komme inn i etterkant. Påminninga om å få ferdig arbeidet til jul er elles eit velkjent og vidt utbreidd segnmotiv.

Tradisjonane om sjursmessdagen bør også sjåast i samanheng med det som finst på svensk side. Det er også her vi har hatt dei mest seriøse forsøka på å finne opphavet. Til dei seriøse forsøka kan vi nok ikkje rekne med det som står i ei ordliste frå Jämtland i 1795 om at det eigentleg skal vera skursmäss, fordi ein skura og vaska den dagen. Det kan vi trygt avfeie som rein folkeetymologi. Det same gjeld teoriar om at det skulle ha noko å gjera med talet sju, slik som at det i katolsk tid skal ha vore halde sju messer denne dagen som vern mot mørkemaktene som var spesielt aktive og farlege på denne tida, eller at det var sju ”mödor” på denne travle dagen. Jamfør ovafor om dei sju matmåla på Frosta. I ein diskusjon i avisa Nidaros i januar 1979 om namnet kom redaksjonen med ei mogleg forklaring: Dette var ”merkedagen” for siste innspurt i vedaskjulet, og såleis skulle dagen på fleip vorte kalla for ”skjulmessda’n”. Denne etymologien er minst like grunnlaus som dei andre vi akkurat har nemnt.

Men svenskane har gjort betre forsøk enn som så: I 1924 skreiv ”kyrkoherden” Mats Ling i årsskriftet Jämten og foreslo at Sjur/Sigurd skulle vera identisk med Sigurd Fåvnesbane, drakedreparen, kjent både frå den eldre Edda og det tyske Niebelungenlied. Ling viser til at scenar frå livet hans er attgjeve på kyrkjedører og døpefontar. Det må ha funnest tilknytingspunkt mellom Sigurd Fåvnesbane og sjølvaste Kristus: Den første vann over draken, den andre over synda. Dei første kristne misjonærane i Norden kan ha utnytta Sigurdssoga som undervisningsmateriale for å få fram at den nye Sigurd, Kristus, var ein enda mykje større helt. Dermed vart den gamle Sigurd degradert, og kunne bli til ”Gammal-Sjul”, den vonde sjølv, som dei også har i Jämtland.

Her er det freistande å skyte inn ei lita historie frå Hitra: Ei prestefrue utpå der skal ha komme til prestemannen sin og spurt kven det var, han ”gamle Erik” og han ”gamle Sjur”, som tenestefolket tala så mykje om? Presten visste nok godt kva det handla om, men sa berre ”å, det er bare to gamle karer utpå Dolmøen, det!” (kanskje han også visste at folk på Dolmøya har måtta bera utnamnet ”djeveløyinga”?)

Men tilbake til kyrkoherde Ling: Han meiner altså at gamle heidenske forestillingar har vore så seige å utrydde at prestane har måtta la folket feire sjursmesse til ære for den gamle drakedreparen dagen før fødselsdagen til den nye, store helten. Han meiner også å finne ein parallell i seinare tid. Svenskane har ein merkedag ”ersmässa” 18. mai til minne om kong Erik ”den helige”. Han skal ha vorte detronisert etter reformasjonen, og derfor skal ”gammal-Erik” ha vorte eit namn på den vonde sjølv.

Den neste som tek opp dette, er Lars Faxén, i ein artikkel i Nordisk Tidsskrift 1970. Han vil ikkje vera med på hypotesen om Sigurd Fåvnesbane, fordi det er lite med kyrkjelege avbildingar av han i det området der ein har hatt begrepet sjursmessdag. Dermed må han prøve andre alternativ. For det første spør han om Sjur kan ha vore det opphavlege namnet til biskop Torlak, og at det siste dermed var han ”prästerliga namn”. Sidan det ikkje finst belegg, blir dette berre rein gjetning. Men så nemner Faxén ein hirdbiskop hos Olav Tryggvason som heitte Sigurd, og også Olav Haraldsson, den heilage, hadde ein hirdbiskop med same namn. Denne siste er rekna som den første biskopen i Nidaros. Ein tredje opplagt kandidat, som Faxén ikkje fører opp, er erkebiskop Sigurd, som slekta frå Oppdal og levde på 1200-talet. På hans tid var det gjort store byggearbeid på Nidarosdomen.

Seinare har Jämtlandspatrioten og dialektentusiasten Bo Oscarsson skrive eit par artiklar om ”Sjursmäss” på nettsidene sine, og før dette har han teke det opp i lokalpressa i Jämtland. Han er for det første skuffa over at nemninga er så lite behandla i litteraturen. Elles sluttar han seg til forklaringa om opphavet til ordet ”Gammel-Erik”. Dette er rett nok ikkje ordbøkene med på, ikkje ein gong den store og autoritative Svenska Akademiens Ordbok. Her heiter det gjerne at opphavet er usikkert. Det er elles mange ulike personnamn som går inn i eufemistiske (formildande) om skrivingar for djevelen, som før nemnte Gammel-Sjur, men også Gammel-Bård, Gammel-Tor og fleire. I Oppdal har dei til og med Gammel-Esten. Det kan rett og slett vera at ein har valt seg eit personnamn ein tykte var høveleg, utan at det treng å ligge meir bak. Eirik Blodøks har forresten vore nemnt som ein som kan ha verka til at Erik-namnet vart lagleg å ty til. Bo Oscarsson hallar vel elles som Lars Faxén til at det må vera ein historisk Sigurd som må ha fått helgenstatus, og at svaret kanskje kan finnast i Vatikanarkivet. Han stiller også spørsmålet om den første biskopen i Jämtland kan ha heitt så.
Svenske artiklar om dette finn ein på desse nettsidene:
http://www.bo-oscarsson.org/Sjursmess.html
http://web.telia.com/~u63501054/Sjursmess.LT.html

Der står vel stort sett saka. Historieprofessor Audun Dybdahl, som oppsummerer diskusjonen om denne merkedagen i ein kronikk i Adresseavisa 23.12.2008 (høveleg nok akkurat på sjursmessdagen!), viser til at Sigurd var eit av dei mest vanlege mannsnamna her i landet i mellomalderen, og at det er mange som kan ha vore opphavet til sjursmesse. For den del også kong Sigurd Jorsalfar. Men tida er etter hans meining ikkje inne (enno) for å dra bastante slutningar om identiteten til Sigurd i sjursmesse. Og det trur eg nok det er berre å slutte seg til.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Sjursmessdag

  1. Altfor seint. Kommentar om Sjulsmess – og Gammelsjul. Mor Gunvor Tronstad f. Stornesøra, 1912 hadde dette levende med seg. Var fortsatt også i bruk på Inder’øyn. På nord’siån på 1950-talet. Sjulsmess er 23. desember og GammelSjul er synonymt med Gammel-Erik. Sånn er det.

  2. tojk on said:

    Takk for fin kommentar, Arne Tronstad!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: