Moro med ord og uttrykk!

Spettmeis

Spettmeis

Fugl som held greitt stand hos oss om vinteren, her «foreviga» av Kristian Voldheim. Spettmeisa hugsar eg frå barndommen som eit triveleg innslag på fuglebrettet. Ho er lett å kjenne igjen på den svarte streken gjennom auga, den sylkvasse nebben, og ikkje minst på at ho kan gå med hovudet ned. Visstnok den einaste fuglen som kan det?
Spettmeisa har tradisjonelt halde til på Austlandet og elles i kyststrøk opp til Trondheimsfjorden, men det er vel teikn på at ho er i ferd med å spreie seg noko meir. Ho byggjer reiret sitt i hole tre, men er ikkje i stand til å hakke ut holrom sjølv.
Det er fellestrekka både med hakkespett og med meiser (som ho gjerne fer i lag med om vinteren) som har ført til namnet spettmeis. I Trysil heiter ho hakkspettmes. Elles er det visst ikkje så mange dialektnamn på henne. I eit par eldre ordsamlingar er ho nemnt som egd. Dette heng truleg saman med igde, som er kjent som namn på fleire småfuglar, deriblant også spettmeis. Elles har vi nøtteklepp (natklepp) frå Hardanger, og i fuglebøker kan vi finne nemnt nøttvekk. Som målføreord er dette siste oppført frå Asker.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: