Moro med ord og uttrykk!

Nordlys

NordlysDillan

På tv no om dagen kan vi sjå jakta på nordlyset. Det har også stor plass i folketradisjonen, og mange forskjellige nemningar. Her kjem ein lett omarbeidd versjon av avsnittet om nemningar for nordlsy i boka «Norge rundt med ord» (Tor Erik Jenstad, 2003):
Nordlyset har det vore knytt vervarsel til, og verljos eller verlys er derfor ei mykje utbreidd nemning, som vi finn over store delar av landet, både austa-, vesta- og nordafjells. Stundom har r-en i førsteleddet falle ut, som i veljøs (Bremanger, Jølster). I Nordfjord finn vi ei anna spesiell form, veideljøs.
Vi må også rekne med ei parallell form verlyse, som vi finn mange stader både på Aust- og Vestlandet, men visstnok ikkje nordafjells. Dette gjev oss former som verlyser ub fleirtal (Elverum), verlysu ds (Hol i Hallingdal) og verlysur (Telemark). Vestafjells er r-en i førsteleddet gjerne fallen ut, så vi får velyse. I Ryfylke og Røldal fann Hans Ross variantforma verlysing, m.
Frå Andebu i Vestfold er verleike oppgjeve som nemning for nordlys. Verboge er oppgjeve frå Gulen i Sogn, og verskjænn (verskin) frå Beitstad i Nord-Trøndelag..
Ein har også rekna med at nordlyset varsla vind, og derfor får vi vindlys (Krødsherad, Eidsvoll, Nordmøre, somme stader i Fosen i Sør-Trøndelag, Vefsn, Senja) eller vindlyse (Andebu), i Sør-Trøndelag vindbragd (Orkdalen, Skaun, Melhus, Horg). Verløsblekte gjer vinn, heitte det i Sparbu i Nord-Trøndelag. Ein informant frå Øksendal på Nordmøre opplyser at vindjøs er på aust- eller sørhimmelen, elles kallar ein det verjøs.
Karakteristisk for nordlyset er blafringa, som dei i norske dialektar ofte har nytta verbet braga om. Bragd ‘nordlys’ frå Sør-Trøndelag er eit utslag av dette (Orkdal, Buvika, Byneset ved Trondheim og Gauldalen også samansett verbragd; i Rennebu lysbragd (jøsbregd), jf. òg vindbragd ovafor), og det same gjeld brag (Valdres, Sunndal, Oppdal).
Blag, n (Valdres: Hedalen og Nord-Aurdal) heng saman med blaga, v ’blafre’.
Ordet ljoske er brukt om nordlyset i Østerdalen, Sunnhordland, Sør-Trøndelag (særleg indre, austlege delar), og i Stjørdalen. Østerdalen har også samansett verljoske (værjøske, etter Aasen). I Selbu heiter det lysjå (f, ub fleirtal). Her skil ein elles mellom vindlysjå, som er sprakande nordlys høgt på himmelen, og snølysjå, som er lange, rolege band.
Frå Fister i Ryfylke er det opplyst at elding kan bli brukt om nordlys. Dette tyder elles lyn, også i Ryfylke.
I Masfjorden i Nordhordland kallar dei nordlyset tausakjerringane (ved sida av velyse). Informanten gissar på at det kan vera fordi det er flakkande og ustadig, og han kan kanskje ha rett. I ei folkeminnesamling frå Møre og Romsdal er nemnt uttrykket no dansar tausakjerringane når nordlyset sprakar (Martin Bjørndal: Segn og tru, s. 131). Jf. også uttrykket komma i ve(r)lyse om å passere 30 år og framleis vera ugift.
På Lista er ordet nordlys lint hokjønnsord: norlysa, f.

Bildet er lånt frå nordlysalbumet til Kjetil Dillan i Verdal, på hans facebook-side.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Nordlys

  1. tojk on said:

    Får ta med ei lita nordlyshistorie: Ein drosjesjåfør i hovedstaden kjørte etter ein bil med skilt nordafrå. Dei kjem til eit kryss med trafikklys, det blir raudt, og dei stansar. Det blir grønt att, men bilen nordafrå blir ståande. Det blir raudt og grønt på nytt, og bilen står like fullt. Da sprekk det for drosjesjåføren, som har opp døra og skrik: – Å venter du på? På nordlyset?

  2. tojk on said:

    Kom over eit nordlys-ord til, frå Lista: ei verstyrkja, som er svært sterkt og blakrande nordlys. Det skal varsle hardt og uroleg vêr.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: