Moro med ord og uttrykk!

Understandar

Understandar2

Unnerstannar, onnerstannar, onnstannar – alt dette er trønderuttrykk for eit bestemt skogfenomen. Uttalen er sjølsagt med så palatale n-ar som råd, så ikkje-trønderar må kline tunga skikkeleg opp i ganen!
Det som er prøvt å illustrere på bildet, er eit lite tre som veks opp under andre tre i skogen. Først og fremst er det vel snakk om gran. Desse blir hindra i veksten av dei større trea og får dermed tette årringar og hard ved. Såleis blir dei sterke og motstandsdyktige mot råte, og kan bli gode emne til kornstaur og hesjeved. Pål Vannebo frå Overhalla skriv om dette i Årbok for Namdalen (1988, s. 54): «Ei gran som blir hundra i voksteren av større tre blir ein onnjerstannjar, og blir onnjerstannjara fristilt og får høve til å vekse seinare, får dei som store mærgstaur. Når ein stokk med mærgstaur blir saga, får planken kålv». Mergstaur blir da ein indre kjerne med små årringar.
Ordet understandar (med variantar) om slike tre er registrert frå to åtskilte område i Nord-Trøndelag: Det eine er Stjørdalsbygdene, og det andre er Inner-Namdalen pluss Snåsa.

Dette har altså ingen ting å gjera med det engelske understand ‘forstå’. Bokstavleg talt var vel dette å stå blant nokon (og forstå kva som gjekk for seg?), mens vårt forstå i bokstavleg meining er å stå framfor nokon (og få forklart ting?).

Til slutt: på Høylandet er «ponnjstannjaran» også brukt i spøk om føtene!

Advertisements

Single Post Navigation

3 thoughts on “Understandar

  1. I Målselv er det ikkje naturleg granskog, berre planta gran, og såleis lite tradisjon knytt til grana.

    Når det gjeld furu så har vi understandarar på same måte som med grana. Desse var særleg gode emne til stakstenger og fløtarhakskaft sidan dei er seige og sterke. Samtidig er dei gjerne feitare enn anna furu og trekk ikkje vatn i så stor grad. Understandarane har som regel berre små kvist og derfor vert ikkje emna svekka av stor kvist. Understandarane kan bli svært lange og jamntjukke og er derfor godt egna til slikt som skal vere langt, rett, smekkert og sterkt.

  2. tojk on said:

    Tusen takk for det, Roald! Så ordet «understandar» var brukt i Målselv også?

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: