Moro med ord og uttrykk!

Strangegran

Strangegran1

Tilbake til skogen igjen, og forsøk på å illustrere eit ord som visstnok er ganske lokalt. Bildekvaliteten røpar at dette er det skribenten og ikkje bilderedaktøren som har knipsa. Heilt dekkande for fenomenet er det kanskje ikkje heller, men det får gå:
På ein dialektkveld i Reitstøa i Gauldalen i 1999 presenterte skogmannen og singsåsbyggen Nils Reiten ei lang liste med nemningar og uttrykk knytt til skogen. Eitt av desse var strangegran, forklart som «nesten kvistlaus gran som står innklemt i bestand». Ordet er registrert berre denne eine gongen, og er på bakgrunn av det komme på trykk i Norsk Ordbok bind 10. Har du andre ord for det same, så send inn!
Førsteleddet er ordet strange, som vil seie trestamme der greiner og topp er kappa av. Det er kanskje særleg brukt om lauvtre i samband med vedhogging (bjørkestrange), men her er det altså kopla med gran.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: