Moro med ord og uttrykk!

Rype

Rype

Som kjent har vi to sortar rype hos oss, om vi ser bort frå underartar. Offisielt heiter dei lirype og fjellrype, og her har vi vel ei av det første slaget. Det er elles ikkje alltid like godt å sjå forskjell på dei. Men lirypa er i alle fall noko større,og så held ho til i lågare terreng, typisk i bjørkebeltet.
Så til det språklege: Lirypa kjem stundom i uttalevariantar som liar(j)upe (Vestlandet, Valdres) og liajupe. Eit mykje utbreidd namn er også skogrype (Folldal, Nordvestlandet, Trøndelag, somme plassar i Nordland). I oppslagsverk vil ein finne dalrype, som også Ivar Aasen fører opp, men det ser ikkje ut til at det er så mykje brukt.
Fjellrypa har fleire dialektnamn som knyter seg til skar(r)- eller skarv. Skarrype o l finst ganske vidt ikring, frå Trysil via Vest-Telemark og Setesdalen til Sørvestlandet, med enkeltbelegg også andre stader. Skarvrype finst i Romsdal, på indre Nordmøre, Oppdal og i Lånke (Stjørdal), og det har nok også vore sagt i Østerdalen. Usamansett skarv er typisk for Nordvestlandet og Trøndelag, med utlauparar til Dovre og Alvdal. I Nord-Trøndelag er det gjerne skarr(e), skærr eller fjellskarr. Også fjellskarv forekjem her og der (Ytre Sogn, Nordmøre, Trøndelag, Salangen) og i Sparbu rypskarv. Eit par belegg på skarfugl har vi frå Vestlandet (Etne, Vik i Sogn).
Skar(r) kan vise til skarrande lyd, men skarv blir gjerne sett til ordet skarv om snautt fjell eller bergflate. Tilknyting til skare (på snøen) kan vi sjå i skararjupa, som Hans Ross skreiv opp i Hardanger.
Frå Mo i Telemark er det opplyst at rypa hadde namn etter fangstmetoden: Lirypa var kalla snårerupe, fordi den oftast vart fanga i snare i skogen. Om fjellrypa sa dei skotrupe – den vart skoten med børse.
Ein informant frå Ålvundeid på Nordmøre fortel at skarvrype der var særleg sagt om hoa av fjellrype. Eit eige namn på rypehoa er tippe, frå Grue og Meråker. Dette er vel overført frå tamhøna.

Men etter alt dette språkpratet er det på tide å løyse opp med litt annan rypetradisjon. Eit varsel har vore at om rypa skiftar farge tidleg, blir det tidleg vinter. Det same har vore sagt om hare og ikorn.
Nils A. Tøndel fortel frå Rustlia i Hemne at det var så stor rype eit år at traktoren velta da ho sette seg på taket av han. Dei skaut denne rypa, men da tok ho med seg vindskia på fjøset pluss tre hesjer før ho fall til ro!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: