Moro med ord og uttrykk!

Hol etter grein

Avriven grein2

Bjørk som har fått ei grein avrive. Etter slikt blir det jo gjerne det vi kallar kvisthol, men eg vil bruke bildet til å minne om eller gjera merksam på eit anna ord frå området skog og tre. Det har fleire ulike tydingar, men ei av dei tangerer inn på dette.
Ordet er brannaks, og frå Nordhordland er det registrert som merke etter avriven grein på furu. I Hardanger er brannaks oppgitt som borklaus flekk på trestamme, eller sår i borken som det tyt kvae ut av. Brannaks er eit utprega vestlandsord etter arkivbelegga å dømme, og såleis knytt særleg til furua. I Ryfylke og Sogn er/har det vore brukt om tørr furutopp (med mykje harpiks), det som elles er kalla ramtopp eller ramskat. Det skal vera ein soppsjukdom i borken som fører til dette.
Somme plassar på Vestlandet har dei også sagt brannaks om tyrived, spikved.
Til lesarar og følgjarar: Er det andre ordassosiasjonar som melder seg når ein ser dette bildet, så meld frå!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: