Moro med ord og uttrykk!

Archive for the month “februar, 2014”

Kjuke

kjuke17

Under kommentarane til innlegget om heksekost (sjå hovudinnlegg 18.2.) dukka ordet kjuke opp. Sjølv om kjuke kan brukast om mange ting, er det nok ei typisk kjuke vi ser her på bildet, som veks ut som ei hylle eller ein hov på trestammen. Det er tale om ulike typar av poresopp.

Ein bestemt art (men på folkemunne truleg fleire) er kalla knuskkjuke, som blir tørka til knusk og nytta til å fyre opp med. Ein type kjuke er bruka til å sette knivar, jarn og sylar i, såkalla knivkjuke, og ein kan ha nålkjuke som nålepute.

I Todalen på Nordmøre vart den mjuke soppen på bjørka tørka og bruka til gummiballar, såkalla råballkjuk’. Visse utvekster på furustammar kunne høve til å laga slipsteinsakslingar av; det var slipsteinskjuk’ (Oppdal).

Kjuka er stundom også kalla gås, eller bjørkegås, knivgås m m. Ei råttagås (Åsskard på Nordmøre) er ein utvekst som liknar på knivkjuke, men som ikkje skal vera heitl den same.

Ganske mange plassar bil ein også kunne bruke kjuke om halvkuleforma, knudrete utvekster på trestammar, nærmast «svulstar» som hører til stammen. Altså det som elles heiter f eks kåte eller rirkule. Nemningane kan i det heile gå litt om kvarandre her.

Advertisements

Heksekost

Heksekost

Slike tette greinvasar er vel i dag mest kjent som heksekost. Men det finst ein stor rikdom på nemningar for dette naturfenomenet, eg har funne over 90 i norske målføre.
Spesielt på bjørk kan ein sjå denne ukontrollerte voksteren. Her skuldast dei ein snyltesopp. Det blir danna mengdevis av stutte sidegreiner som viklar seg inn i kvarandre. Også på older kan dei bli ganske store. Noko liknande kan forekomma på furu og gran, men da er årsaka indre vekstforstyrringar.

Nemningane viser at folk har sett dette i samband med overnaturlege vesen. Heksekost har parallellar i tysk Hexenbesen og engelsk witches broom. Norske variantar er f.eks. heksekvist, hekseris og heksesopling.
Troll er også rikt representert, med nemningar som trollkjerringris, trollkjerringkost, trollkjerringknute, trollkvist, trollvase m fl.
Fleire andre av vetta i folketrua har vorte knytt til heksekosten: Gyger i f eks gygrekost og gygrasop, hulder i huldrekost, huldresolv, huldrelime m fl, og tuss i nemningar som tussekost, tussekvist og tussereir («tuss-re» i Gauldalen).
Og ikkje minst har vi mara. Marekvist eller murukvist er kanskje det mest utbreidde ordet etter heksekost. Elles finst murugrein, maraklunder, murinysta, murutopp og mange fleire. I eldre svensk har vi markvist, markvast og mareris. Maretaken i tysk og nederlandsk er brukt både om heksekostar og misteltein, som liknar kvarandre.
Mara er jo det vesenet som kunne til at folk fekk mareritt. Trua var at desse kvistane var sett på av mara sjøl, gjerne ved at ho hadde ride på treet. Det var skikk å henge marekvistar over senga til vern mot nettopp mareritt. Eller ein kunne henge dei i fjøset, enten over kvar bås, over døra eller på mønsåsen, til vern for buskapen. Somme stader tok dei også inn slike til veggpynt. Dette kunne sjølsagt vera fordi dei held seg lenge, men det kan også henge saman med gamle truer.
Alt i norrønt fanst ordet marhrísla om dette, noko som viser at trusforestillingane kring marekvisten er svært gamle.

Vedis

Vassdropar på grein

Vi følgjer opp detaljane i skogen med dette nærbildet av ei grein. Det finst ord for isskorpe på tre, først og fremst vedis, i eit sørleg område: Agder, Telemark og Vestfold. Som i dette sitatet frå Vegårshei, på setel i arkivet til Norsk Ordbok: «Utpå natta kom det ei vedis-bøye, så skogen stod som glassert om mårråen». Eit anna sitat frå same arkiv, saksa frå avisa Gula Tidend 1980: «Når vedisen la seg hardt på tre og kvist oppe på skorvene, flaug skarven ned i liane». Skarven = fjellrypa.
I vedis har vi vel ved i den eldre tydinga ‘skog’ – isen legg seg i skogen. Men vedis kan også bli brukt om islag på bakken, og til og med om is i skjegget.

Det kan også bli sagt veris om is på tre, omtrent i same område som vedis, men det går inn i Buskerud i tillegg. Ideen bak dette er nok «is frå lufta (veret)», men det hindrar ikkje at veris også blir brukt om islag på bakken, f.eks. av underkjølt regn.

Dersom det heng isdropar på greinene, blir det godver, seier eit gammalt varsel.

Rimskog og fuggelmugg

IMG_3243

Tjukt med rim på greinene her. Rimskog er jo eit veldig logisk ord for slik skog, men det er ikkje mange registreringar på det. Berre eit par stader på Vestlandet (Borgund, Gloppen).
Frå Folldalen har vi oppskrive adjektivet rimstiv, som vil seie stivfrosen med rim på (om bjørk).

I Trysil har vi det interessante ordet fuggelmugg. Det kan bli brukt om fin nysnø eller «frynserim» som legg seg på grangreiner. Nemninga skal ha oppstått fordi det under slike forhold er lett å sjå storfuglen når han sitt i trea.

Om ord for litt meir snøtyngd i greinene, sjå hovudinnlegg om vedbju 11.11.2012: https://ordoguttrykk.wordpress.com/2012/11/11/

Isstuppul og soldråppå

12

Her begynner det å røyne på for istappen. I Sparbu hadde ein nemninga isstuppul nettopp for ein istapp det hadde begynt å drype av. Nok eit eksempel på presisjonen i tradisjonelt ordtilfang!

Elles var det gjerne snakk om soldrope, eller soldråppå. Det er første dropen ein ser frå taket når sola skin så varmt atsnøen begynner å bråne. Ordet soldrope ser ut til å høre til Trøndelag først og fremst. Det var rekna framover i første soldropen, t.d. slik at 8 veker etter at ein såg denne, skulle ein kunne sleppe krøttera på beite. Og etter eit visst tal veker, som kan variere mellom 9, 12 og 13, skulle ein få kornet i jorda. Eventuelt at same datoen ein såg soldropen i februar, skulle ein få så i mai. Det var rekna med at ein burde ha soldrope kyndelsmessdagen (2. februar).

Erik Stenvik fortel dette i ein e-post: «soldråppa fikk vi på etterjuls- eller vårvinteren når sola på en ellers kald og klar dag sist i februar eller først i mars, hadde fått makt til å tine snøen. Vanligvis var det den snøen som å på taket det var tale om, slik at det begynte å dryppe fra takskjegget. Dette ble som mangt anna tolka, og det var forestillinger om at ei viss tid (8 veker?) etter første soldråppan kunne en rekne med å så eller ha ut buskapen. Det viste seg nok mange ganger å være rein ønsketenking, men det gav håp og livsmot dette, – sola bar bud om en gryende vår»

Om det draup så mange soldropar frå taket at ei høne kunne drikke seg utørst, ville det bli eit godt år. I Overhalla heitte det at «sola ska varra så varm at ho brynni hærningen» (i februar) -det skulle vera såpass takdrope at det vart vatn til hanen.

Post Navigation