Moro med ord og uttrykk!

Tjyvskog i asver

Bilde 5

Denne vinteren har vore prega av stri vind, og vi har ganske ofte hatt ord for vind og vêr under «Dagens ord». Sjå f.eks. om pannerivar 9.11.13, galnvind 17.11.13 og galnversnatta 19.11.13.
Her skal vi i første omgang minne om eit ord som Trond Dragøy har med i si ordsamling frå Senja. Det er tjyvskog, brukt om busker og tre som står bøygd unna vinden.
Eit velkjent ord i nordlege og vestlege delar av landet er asver, som betyr svært skiftande uroleg vêr, med storm og sjøburd. Eit heilt lokalt frå Meldal og Rennebu er råvvåvær, som også betyr omskiftande og uroleg vêr. Det er også skildra som surt, kaldhustre ruskvêr med små solgløttar innimellom. Berre for å minne om eit par av orda som beskriv slikt vër. Snd oss gjerne dine!

Men når vi ser trea bøye seg i vinden her, er det freistande å minne om historia om dei to smølværingane som var inni Valsøyfjorden og skulle leite seg ut flaggsongemne. Dei drog på skogen, men akkurat den dagen bles det ein del, og det susa i trekronene. Da vart dei så redde at dei gav opp heile greia og for heim att. Seinare ein gong var dei på havet og fiska, i storm og uver, og det barst ikkje betre til enn at dei kollsegla. Dei kom seg oppå båtkjølen, og som dei låg der og rei på kvelvet og venta på berging, sa den eine: – Ja, i dag e det bra vi ikkje e i skogja, det ska varra en kjølinn verdag der!

Tisvarande er fortalt om hitterværingar i Orkdalen. Men vi kan sitere ein annan hitterværing, da heldt på i ruskveret: -Dem sei det, at den norske vinter e så vakker. Men dem som sett ni varmen ni Ittali’n og finn på sånt, dem skoill ha vorre-med utfer Sulsfalla dem, ein dag når det e nordavindsrokk og snøkave!

I fjor var det vanvittig strie vindkast under Landsskyttarstemnet på Oppdal. Men før ein gong det hadde blåse frykteleg der i bygda, diskuterte kallane forholda etterpå. Ein av dei fortalte at han hadde kjent kor stueglaset hans gav etter når han la handa på det. Men ein kjent storlygar tok kaka: – Mitt sto som ei tåt’ inni stuggu!

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: