Moro med ord og uttrykk!

Gulsporv

Gulsporv

Gulsporven er med oss heile vinteren igjennom og trufast gjest på fuglebrettet. Her er det Kristian Voldheim som har fanga han inn.
Gulsporven hører til busksporvane, ein eigen familie av sporvefuglar som lever i buskvegetasjon og som liknar gråsporven.

Som vi ser, har han mykje gult i fjørdrakta si, så gulsporv er eit høveleg namn slik sett. Men rundt ikring i målføra kan han ha mange andre namn. Mange stader austafjells og somme stader på Vestlandet heiter han gulskul eller gulskur, også med variantformer som gusskul. I Romsdal finst gulskøre, og inn på trøndersk område kjem han med gaulskor’ i Oppdal (med gammal uttale av adj gul). Hist og her i Hedmark fylke er namnet omlaga til gulsko, og i Sunndal kommune på Nordmøre er det gulskjor.
Usamansett skur kan også stundom bli brukt om gulsporven. Kva dette skur eller skul er for noko, er litt usikkert. Uttalen med tjukk l mange plassar kunne peike mot opphavleg –rd i utlyden. Men det blir likevel helst sett til det norrøne skurfir ‘fugl’ og færøyisk skuri ‘ung måse; skårung’.
Andre namn med gul- er gultetting (Namdalen, Nordland) og gulspikk(e) eller gulspekke (Austfold, Telemark, Nordland).

Fleire namn på gulsporven har førsteledd grøn-. Dette passar ikkje så godt, og det har vore gjetta på at fleire av desse frå først av kan ha hørt til for eksempel grønfink eller grønsisik og deretter er overført på gulsporven. Grønskul eller grønskur har vi ganske mange plassar sønnafjells, og grønskol eller grønskor i indre bygder i Sør-Trøndelag. Grønsporv er ganske utbreidd i Trøndelag, og grønskjor på Nordmøre og i eit par tilgrensande trønderbygder.

At han gjerne gjestar kornbandet i jula, har ført til namn som kornskur i Hardanger og kønnspikk i Telemark, og likeeins jolefugl i Valle..

Gulsporven har ein karakteristisk song der han tel til sju og går ned på siste tone. Dette blir av og til herma som «se-se-se-se-se-sel-sjit» og har gitt namnet sesselskit (somme stader i Trøndelag og på Helgeland). I barndommen lærte eg at når det var finvêr, var gulskjora fin i målet og sa «heitt-heitt-heitt-heitt-heitt-heitt-skiiin». Men var det ruskete, var «songen» grovare og kvassare: «tett-tett-tett-tett-tett-tett-skiiit!» Frå Aure på Nordmøre er det rapportert om eit fuglenamn «heittskino», som skal spå finver. Dette kan kanskje vera gulsporven.

Elles er det utbreidd oppfatning at han varslar snøvêr. Så får han da også av og til heite snøsporv, sjølv om det jo er det offisielle namnet på ein annan fugl. Snøskur er registrert frå Nordhordland («snjoskør») og Farsund. Far min bruka seie at «gaulskjora» «visste» styggvêr, helst i form av snø.
Men å få han i kornbandet var bra, det skulle tyde på godt kornår. Di meir gulsporv i bandet, di betre.
Og i samsvar med den eldgamle trua i folkemedisinen at likt kurerer likt, har ein meint at kjøttet av gulsporv skulle kurere gulsott.

Advertisements

Single Post Navigation

2 thoughts on “Gulsporv

  1. Jon Peter Stav on said:

    Kjem du med noko meir om fuglane? Svært interessant!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: