Moro med ord og uttrykk!

Berrflekkåt og røvletøya

Gryande vår 1.5.12

Snøsmeltinga går sin gang,og på eit visst steg i prosessen kan det slå slik ut, med snø og berr mark om kvarandre. Om denne tilstanden blir det gjerne sagt at det er flekkbert eller flekkjebert. I mange målføre vil ein også kunne seie at det er berrflekkåt, berrflekkete e.l.

På Nord-Vestlandet somme stader heiter det at det er røvletøya eller rovletøya når det er tina slik at snøen ligg at berre i flekker eller strimer mellom tuvene. Til grunn for dette ligg verbet rovle, som betyr nettopp å tine så det blir snøberre flekker. Å revle kan tyde det same, og likeeins ravle (det siste frå Ringebu).

Rovletøyr eller rovlatøyr er mildver som gjer at det blir rovletøya (Sunnmøre). I Vanylven er det også for spøk snakk om «rovlatøyr i håra» (dativ) når nokon har snaue flekker i hårbotnen.
Desse orda kan jamførast med islandsk refil-þá, som viser til akkurat det same, når snøen ligg att i flekker eller striper.

Når marka er røvlete, er ho nesten berr (Hjørundfjord), og ordboksmannen hans Ross fører opp adjektivet rovlåt frå Nordmøre om snøen, med tyding ‘stripete’. Det vil vel seie at han ligg att i striper. Ordet er ikkje belagt i nyare materiale frå Nordmøre.

I eit ganske avgrensa område vestafjells møter vi ein annan ordstamme. I Valdres og Hallingdal heiter det at det er flekatåe når det er slike forhold, medan vi har flekabert i dei sørlege Valdresbygdene (Sør-Aurdal, Etnedal) pluss Numedal (her registrert av førnemnte Hans Ross). Ross fører også opp flekatien frå Numedal. Hemsedal har også substantivet flekatåe om flekkvis berr mark. Til grunn her ligg eit verb å fleka, som betyr om lag det same som rovle eller revle – å bli stripete eller flekkete når snøen brånar ujamt.

Temmeleg lokalt innafor Hordaland har vi rabbabert frå Modalen og robbabert frå Voss. Da er det snøberre rabbar; haugar og knausar stig nakne opp or eit snølandskap.

Men det går den vegen det skal, og så får vi håpe det ikkje blir verken svultetøyr’e – dårleg og sein snøsmelting (Jølster) eller «hålksommar» (trøndersk, bl a Meldal). Og den tida er vel forbi da det gjekk an å vitse med at dei hadde ein sommarfestival i Røyrvik som vart kalla «bærrflækkdåggå».

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: