Moro med ord og uttrykk!

Keile

Keile

Her ser vi det som ganske mange både vesta- og nordafjells vil kunne kalle ei keile. Ei keile er eit smalt sund eller ein liten kanal, ofte med berg på sidene, eller ei lita vik med trongt, grunt innløp. Keilene høver gjerne til båthamn. Ordet keile er bruka på denne måten ganske samanhengande oppover Vetslandet frå Sunnhordland av, og heile vegen nordover. Ivar Aasen gir att målføre frå Lofoten i «Norske minnestykke» (s. 59): «Va ikje dæ, at der æ så mange våga å kjeila te laup’ inn i, så hadde Lofoten vorre eit reint obørt lann for sjøfarand folk».
Ei nokså kjent slik keile er Finnkongkeila i Gamvik i Finnmark, eit fiskevær som ikkje vart bygd opp att etter krigen (det er ikkje der bildet er frå). Sjå om historia til staden her: http://www.kystmuseene.no/finnkongkeila.4607047-109807.html.

Så har keile også ei anna hovudtyding. Det kan bli sagt om ei stillelfytande elvegrein, ei evje, eit gammalt elvefar der det kan stå att vatn, eller ein kileforma bekkemunning. Her er utbreiingsområdet litt meir avgrensa, bl a ser det ut til at ordet ikkje har denne tydinga i nordnorsk. Frå Melhus er det opplyst at dei skil mellom «kjela» som har friskt vatn, og «uddu», der vatnet er sumpig.

Norrønt keila betydde smalt sund eller kil. Og det er nettopp ordslektskap (her såkalla avlydsforhold) mellom keile og kil. Ein kil er ei lang, smal vik. Dette har vi i namn som Kilebygda, Kilvær o fl, for ikkje å snakke om Dynekil og Lysekil.

Meir sjeldan er keile også bruka som nemning på horev, revtispe. Det kan også vera samansett revkeile, slik vi også hadde refkeila i norrønt. Her blir ordhistoria litt meir pikant, for etter etymologen Alf Torp har grunntydinga av keile vore ‘sprekke, revne’. Jamfør at dei sunda som kallast keiler, gjerne ligg mellom berg. Frå ‘revne’ har det så gått via ‘cunnus’ til hodyr, hevdar Torp.

Advertisements

Single Post Navigation

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: